– Eg fekk ikkje sove på grunn av det forferdelege vêret. Plutseleg høyrde eg eit heilt vanvitig smell ute.
Det seier Mikael Karlsen i Bodø som fekk bilen knust i uvêret.
– Det er surt, men eg tenker mest på naboane som mista taket, fortel han og viser til sameiget Rønvikveien i Bodø som mista taket.
Kraftig nordavind held seg i nord
Like før klokka 12 opplyser vêrvarslinga i Nord-Noreg at det verste er over i Nordland.
– For Nordland sin del er den aller verste vinden passert, men det vil framleis vere ganske mykje vind, seier vakthavande meteorolog Håvard Thorset.
Thorset legg til at vinden vil auke noko i Troms og Finnmark dei neste timane, men utan å bli like kraftig som i Nordland.
– Det blir også nordavind og snø i dagane som kjem, både i Nord-Noreg og Midt-Noreg.
Din nettleser støtter ikke innbygging av eksternt innhold
Det er ikkje venta uvêr på Sør- og Austlandet, utover det som har vore i Innlandet.
– Vinden frå nord vil i hovudsak halde seg i nord og i fjellet, og er ikkje venta å gi kraftig vind i låglandet lenger sør, seier meteorolog Terje Walløe.



Her fell eit tre over riksveg 80 ved Nordvika.
STEINAR PEDERSEN
Mobilnettet ute av drift
Fleire stader i heile Nordland fylke er mobilnettet ute av drift.
Rundt 12-tida er 10–11 prosent av basestasjonane ute av drift, opplyser dekkingsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, til NRK.
– Det skyldast primært kraftbrot, kor det er veldig mange som er utan straum. Det andre er eit fiberbrot i nærleiken av Mo i Rana. Det er områda Leirfjord, Rana, Meløy og Dønna kor flest har problem med mobilnettet. Nokon vil oppleve å ikkje få kontakt med nødetatane.
Viss du ikkje har mobilnett i det heile tatt, og du heller ikkje har wifi, vil du ha problem med å ringe alle, og då kjem du heller ikkje gjennom til naudnummer, seier Amundsen.
Fekk bilruta knust av eit tre
Tidlegare laurdag snakka NRK med Lill Anita Kvalø i Sortland som fortel at ho vakna av eit brak.
– Det viste seg at ei grein frå ei stor furu hadde losna, segla rundt halve buska og treft bilen min, som stod ved kjellardøra.
Ho seier ho blei småskjelven av hendinga.
– Det er ei ganske stor buske. Vi kjem oss ikkje ut med nokon bilar her, og er heilt innesperra på vår eiga vesle gardsplass.
Bilen til Lill Anita Kvalø i Sortland har blitt ramma av uvêret.
Foto: Lill Anita Nærø
Bilen har fått skadar, og ho fryktar også at murar kan vere råka.
– Vi må nok gå ut og sjå kor store skadane er.
Bladet Vesterålen omtalte saka fyrst.
Følg fleire nyheiter om uvêret her:
Butikkar stengde
Kjøpesenteret Alti Sandnessjøen held stengt laurdag etter at straumen gjekk som følge av uvêret.
– Når straumen er borte, verkar verken kassar, automatar eller noko anna. Då har vi dessverre ikkje noko val, seier senterleiar Arnt Ove Kaspersen.
Han fortel at senteret har sett ei frist klokka 13.
– Viss straumen kjem tilbake før den tid, opnar butikkane fortløpande så snart vi får folk på plass. Om ikkje, held vi stengt resten av dagen.
←
Ein barnehage i Bodø har fått skadar under uvêret.
Foto: Stefan Wollenhaupt
Ein barnehage i Bodø har fått skadar under uvêret.
Foto: Stefan Wollenhaupt
Ein barnehage i Bodø har fått skadar under uvêret.
Foto: Stefan Wollenhaupt
→
Kaspersen seier han reknar med forståing frå kundane.
– Dette er ikkje forhold vi kan rå over, så eg håpar og trur dei fleste har forståing for situasjonen.
Desse vegnetta er påverka av uvêret:
Fly og ferjer innstilte – vegar stengde
Kansellert fly:
- WF1302 Bodø–Trondheim–Bergen, avgang 7.30
- SK4107 Bodø–Oslo, avgang 9.45
- WF862 Andøya–Tromsø, avgang 9.15
- WF873 Tromsø–Harstad/Narvik–Bodø, avgang 10.20
- WF703 Brønnøysund–Trondheim, avgang 10.50
- WF721 Sandnessjøen–Trondheim, avgang 10.50
- WF785 Rørvik–Namsos–Trondheim, avgang 11.00
- WF764 Mo i Rana–Bodø, avgang 11.35
Tog:
- Bergensbanen er stengt mellom Geilo og Ål på grunn av problem med straumen.
Desse vegane er påverka:
Nordland:
E6 over Saltfjellet blei stengd for all trafikk natt til laurdag.
Innlandet:
Fylkesveg 51 over Valdresflye er stengd på grunn av uvêret. Den er no stengt vinterstengt, som vil seie at ein ikkje reknar med å opne igjen denne før påske i 2026.
Vestland:
På riksveg 7 over Hardangervidda blei det ved tretida natt til laurdag innført kolonnekøyring for både små og store køyretøy.
Trøndelag:
Fylkesveg 72 mellom Verdal og Sverige er stengd ved riksgrensa, og svenske vegstyresmakter melder at vegen tidlegast blir vurdert opna sundag klokka 12.
Fleire ferje avgangar er også innstilte.
I sameiget Rønvikveien i Bodø har fleire bygg store skadar.
På eitt av bygga har taket regelrett blåst av.
– Vi har ikkje oversikt over kor omfattande skadane er. Men det vi veit, er at både bilar og bygningsmasse er skada. Det ligg materiale og takrestar på bakken, seier styreleiar Christian Unosen til NRK.
Han omtalar situasjonen som svært alvorleg.
– Det er jo svært kritisk. Det er inga tvil om at det er ein krevjande og svært alvorleg situasjon.
Det er førebels ikkje teke ei avgjerd om å evakuere bebuarane.
Det er ikkje meldt om nokon skadde.
←
I sameiet Rønvikveien i Bodø har fleire bygg store skadar.
Foto: Christian Unosen / NRK
Rønvika lørdag morgen
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK
Flere biler ligger delvis under takplater i tre etter at taket på boretslaget blåste ned.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK
Takplater og søppel rundt boretslaget i Bodø.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK
→
Uvêret forseinkar arbeidet med straumen
På det meste var over 23.000 utan straum i Nordland, ifølge straumselskapa Arva, Noranett og Linea.
Talet svingar opp og ned fortløpande.



Bodø sentrum lørdag morgen
Sofie Retterstøl Olaisen/NRK
– Det er heilt klart vêret som er årsaka. Det kan vere tre som fell, eller at vinden er så sterk at linjene slår saman og gir kortslutning, seier Steinar Benum, dagleg leiar i Linea.
Og legg til:
– Akkurat no er det hektisk. Vi har ikkje full kontroll, men jobbar for å få kontroll. Alt tilgjengeleg mannskap er sendt ut, men uvêret gjer det farleg å ferdast på vegane.
Kart som viser kvar i Nordland det er straumbrot.
Grafikk: LINEA
Linea opplyser at det vil ta to til tre timar før feila er identifiserte, og at det vil ta tid med å få ned talet på straumlause.
– Nokre kan få straumen tilbake relativt raskt, medan andre må vente til langt utover måndag og neste veke.
Rundt 4.000 husstandar er utan straum i Innlandet laurdag føremiddag.
Nettselskapet Tensio opplyser at meir enn 1.600 kundar i Trøndelag var utan straum rundt klokka 09.45
Tatt av vinden
– Vi får mange meldingar knytte til uvêret, om trampolinar, tak og trapper som har blåse av, samt tre som har falle over vegar, seier Ina Kristin Selfors, operasjonsleiar i Nordland politidistrikt.



Kraftig vind ved Bestemorenga i Bodø lørdag morgen
INNSTRANDA IDRETTSLAG
Politiet ber også folk vente med å gå ut til vinden har roa seg.
Førebels er det ikkje meldt om personskadar.
Selfors opplyser til NRK at dei ikkje fått meldingar om problem knytte til straumbrota.
Ein bil blåste av vegen i Nordland pga. uvêret.
Foto: Jens André M. Birkeland
Tidleg laurdag morgon blei ein garasje tatt av vinden i Hemnes kommune på Helgeland. Ingen personar blei skadde. Garasjen ligg nå over ein veg
Ein bil har blåst av vegen i Vesterålen.
Åtvarar om kraftige vindkast
Det er sendt ut oransje farevarsel om kraftige vindkast i Nordland og Sør-Troms.
Kasta kan kome opp i 35–44 meter per sekund, ifølge varselet.
Også dette skuret blei tatt
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
Også i delar av Trøndelag og Sør-Noreg blåser det kraftig. Det er sendt ut farevarsel på gult nivå om vindkast for Innlandet.
Din nettleser støtter ikke innbygging av eksternt innhold
Publisert
27.12.2025, kl. 05.55
Oppdatert
27.12.2025, kl. 12.48