Saka samanfatta:

– Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter slit økonomisk etter 1000-årsjubileet i 2024 og har stengt dørene midlertidig.
– Investeringar og auka renter har forverra situasjonen, og senteret manglar omlag éin million kroner for vidare drift.
– Staten får kritikk for manglande støtte, medan Nasjonaljubileet på Stiklestad i 2030 får større merksemd og midlar.
– Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune meiner staten bør ta ansvar for å sikre drifta av denne nasjonale institusjonen.
– Ekspertar meiner Moster er like viktig som Stiklestad i norsk historie.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

I over 1000 år har kongar og kongsemne gått i land på Moster i Bømlo kommune i Vestland.

Allereie i år 995 gjekk Olav Tryggvason i land på Moster og grunnla ei kyrkje der.

I år 1024 kom Olav den heilage i land på same stad og hadde ting.

Året er rekna som starten på innføringa av kristenretten i Noreg.

Stort jubileum

1000-årsjubileet vart feira ei veke til ende i 2024.

– Forteljinga er ei brikke i ei stor og langsam utvikling som la grunnlaget for det Noreg som me kjenner og er glade i dag, sa kronprins Haakon til eit fullsett amfi under jubileet.

To personer deltar i en seremoni hvor en av dem skriver på en stor stein. Den ene personen er kledd i dress, mens den andre er i tradisjonell drakt. En gruppe tilskuere, inkludert folk med kameraer, observerer hendelsen. Omgivelsene inkluderer en steinvegg og et grønt område i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kronprins Haakon signerer tingsteinen på Moster. Her har også far Kong Harald, og hans farfar, Kong Olav signert.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Men sist veke kom det fram at selskapet som eig amfiet og det kyrkjehistoriske senteret på den historiske grunnen slit økonomisk.

– Me har i praksis drive på kassakreditt sidan oktober. Og manglar om lag éin million kroner, seier styreleiar i Moster amfi og kyrkjehistoriske senter As, Arild Steinsland.

Den økonomiske situasjonen gjer no at senteret stengjer dørene fram til 30. april.

Dei tilsette vert permitterte, og dagleg leiar må ned i halv stilling.

– Tungt

– Gårdagen var tung. Både for dei tilsette, men også for Moster Amfi som er ein nasjonal institusjon, seier Nina Meldahl Olsen, dagleg leiar i amfiet etter at nyheita vart kjent.

På Moster ligg eit karakteristisk steinkors som vart sett opp i samband med at Kong Haakon var der i 1924.

Og eit amfi som var opna i 1984. Der er det mellom anna sett opp både spel og musikalar kvart år etterpå.

  • Bilete frå 1924 av Riksantikvaren. Då var korset reist.

    Moster er rekna som sentral plass i norsk historie. Dette er eit bilete frå 1924 då det var reist eit stort steinkors for å markera 900-årsjubileet for kristenretten.

    Foto: Riksantikvaren / Nasjonalbibliotektet

  • Ein stor folkemengde sit i et amfi i ein klippekløft, og ser på ein teateroppsetjing. Skuespillerne er kledd i historiske kostyme og utfører ein scene føre publikum. Omgivelsene består av bratte klipper og grønt vegetasjon. Publikum er kledd i fargerike klede, mange i tradisjonelle bunader. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Under signingsferda i 1991 fekk kongeparet sjå amfiet som opna i 1984

    Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

  • For første gong vert Sound of Music sett opp på nynorsk. Det skjer 6. August i Moster Amfi. Her med Frøy Hovland Holtbakk, som spelar maria.

    I sommar vart stykket Sound of Music sett opp på nynorsk. Skodespelarane spelar rett under ein fjellvegg, som det no ikkje er pengar til å sikra

    Foto: Olav Røli / NRK

  • Moster Amfi, Bømlo. Slit med økonomiske problem.

    Slik ser det ut backstage.

    Foto: Olav Røli / NRK

  • Moster Amfi, Bømlo. Slit med økonomiske problem.

    Moster amfi har naturlege kulissar.

    Foto: Olav Røli / NRK

  • Moster Amfi, Bømlo. Slit med økonomiske problem.

    Amfiet har gjennomgått store oppgraderingar, spesielt i forkant av jubileet.

    Foto: Olav Røli / NRK

  • Moster Amfi, Bømlo. Slit med økonomiske problem.

    No er økonomien så dårleg at dei må stengja dørene. I første omgang til 30. april. Kva som skjer då er uvisst.

    Foto: Olav Røli / NRK

Beskjeden i forkant: – skal skinna

No er det usikkert om det vert sett opp nye spel og musikalar. Deler av scenen ligg rett føre ein stor fjellvegg som må reinskast annakvart år. Det er det ikkje pengar til no.

– Klimaendringane gjer at fjellet er meir utsett, og det hender det kjem stein ned. Anbefalingane er å reinska og sikra fjellet anna kvart år, seier Meldahl Olsen.

I forkant av jubileet måtte både amfiet og området rundt gjennom store oppgraderingar.

Investeringane var på fleire titals millionar.

Men eigarane, Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune, var kjent med at dette vart gjort.

– Beskjeden var at det skulle skinna, seier styreleiaren.

I etterkant har auka renter på låna vore med og gjort situasjonen vanskeleg, meiner Steinsland.

– Hadde de god nok kontroll på investeringane?

– Ja, me meiner det. Og eigarane var kjent med investeringane, seier han.

Frå førestillinga I slik ei natt i Moster amfi.

I amfiet på Moster er ein fjellvegg ein stor del av kulissen. Her frå spelet i 2024 der Jonas Oftebro spelte ein av hovudrollene.

Foto: Peter Tubaas / Vestland Media

Meiner staten er meir oppteken av drap på Stiklestad

I Vestland er fylkesordførar Jon Askeland (Sp) opprørt.

Trass i at han har bede styret i Moster Amfi om å ta grep tidlegare.

– Staten burde vore rausare med Moster Amfi. Men det verkar som om det er større interesse for å feira drapet på Olav den Heilage på Stiklestad i 2030. Jubileet på Moster vert avsett med småpengar, meiner Askeland.

Sound of Music vart i fjor sommar sett opp for første gong på nynorsk.

I 2030 er det nemleg planlagt ei storstilt feiring på Stiklestad i Trøndelag.

Det er rekna som eit nasjonaljubileum, og Musea Arven på Stiklestad skal koordinera feiringa i mange landsdelar i åra framover.

I fjor vart det løyvd 25 millionar til utbygging på Stiklestad.

Barne- og familiedepartementet opplyser til NRK at dei har løyvd 10 millionar kroner i direkte støtte til jubileet på Moster.

Pengestøtta vart gitt til prosjektorganisasjonen Moster2024 AS, som etter jubileet vart avvikla.

– Eg vil på det sterkaste ta avstand frå å kalla det som skjedde på Stiklestad for feiringa av eit drap, seier kulturminister Lubna Jaffery (Ap), og meiner Askeland ikkje kan noregshistoria.

Lenger ned i saka kan du lesa meir om dei to hendingane i norsk historie.

STIKLESTAD 20010724 Historisk skuespill: Spelet om heilag Olav på Stiklestad. Paul Ottar Haga spiller heilage Olav. Foto: Gorm Kallestad, SCANPIX

Stiklestad i Trøndelag er utpeikt som hovudstaden for markering av nasjonaljubileet i 2030. Her vart Olav den heilage drepen i 1030.

Foto: NTB scanpix

Vil ha statleg støtte

På Moster vil både dagleg leiar og styreleiar også ha staten på banen

– Til jul ynskjer me oss pengar slik at me kan drifta sikkert i mange år framover, seier Meldahl Olsen.

Bømlo kommune har anstrengt økonomi, og har ikkje pengar å dela ut utover ordinære løyvingar.

– Om me skal løyva pengar, vil det gå utover andre oppgåver i kommunen, seier kommunedirektør Kjell Gjøsæter i Bømlo kommune.

– Det er eigentleg ei skam at staten ikkje skal ta eit større ansvar for ein institusjon som har så stor betydning nasjonalt.

Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) seier til NRK at ho vil ta initiativ til eit møte om saka på nyåret.

Stikkordet er korleis Moster Amfi er organisert. Saka stiller seg nemleg annleis om dei vert ein del av eit museum.

– Stiklestad er organisert som eit museum. Det er ikkje Moster, og dei fyller difor ikkje vilkåra for statsstøtte, seier ho.

Moster gamle kyrkje

Moster var sentral under innføringa av kristendommen i Noreg for over 1000 år sidan.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Meiner politikarane har vore slappe

Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitet i Bergen, kjenner godt til feiringa av både Moster og Stiklestad, og historia.

– Politikarane på Stortinget frå Hordaland har ikkje vore frampå nok i prosessen. Dei er dvaske og slappe, medan Stiklestad og Trøndelag har sikra seg ein viktig posisjon med sterke politikarar, seier Sunde.

Dette er kristenretten:

Ei samling av dei reglane ein må følgja for å leva eit kristent liv.

I tida før reformasjonen (1537) den delen av norsk rett som gjaldt kyrkjelege forhold.

Dette omfatta kyrkjeorganisasjonen, forholdet mellom kyrkja og det verdslege samfunnet, og brot på kyrkjelege moralbod, så langt desse blei støtta av lovbod.

Var mellom anna reglar om alt frå dåp og gravferd, om faste og kyrkjebygging, om heilagdagar og gjerehald rundt kyrkjegarden, til pliktene til biskop og prestar, og om trolldom.

Den første kristenretten skal Olav den heilage ha fått vedteke av eit ting på Moster i 1024. Den eldste bevarte kristenretten, frå Gulatingslova, er frå langt seinare tid. Men den bevarte redaksjonen frå siste halvdel av 1100-talet, for det meste overlevert i handskrifter frå 1200-talet, gjengir ein del føresegner som blir tilskrivne Olav den heilage («olavstekst»).

Kristenretten gav mellom anna alle plikt til å bidra til å vedlikehalda kyrkjer.

Det vart også skildra brotsverk mot kristen tru, som å arbeida på heilagdag, nekta å døypa borna sine, eller å gifta seg med meir enn ein ektefelle.

I slike tilfelle skulle biskopen ha bot frå lovbrytaren.

Kjelde: Store norske leksikon, Moster2024

Olav den hellige

Olav den Hellige

Foto: Wikipedia / CC

  • Han het egentlig Olav Haraldsson, andre ganger Olav Digre, og dro allerede som tenåring på tokt i England.
  • Sentral i innføringen av kristendommen i Norge
  • Var konge i Norge fra 1015 til 1028
  • Døde 29. juli 1030 i slaget på Stiklestad
  • Ble slått til helgen etter sin død
  • Nidarosdomen ble reist til ære for Olav

Store Norske Leksikon

Han understrekar at han ikkje kritiserer Stiklestad, men stortingspolitikarar frå eige fylke. Og at Moster sitt jubileum burde ha vore ein eigen statleg post.

– Kva hadde størst betydning i utviklinga norsk historie? Stiklestad i 1030 eller Moster i 1024?

– Var Moster viktigare enn Stiklestad? Nei. Var det like viktig? Ja, svarar Sunde.

Kva hending meiner du hadde størst historisk betydning?

Då Olav Tryggvason, seinare Olav den heilage, gjekk i land på Moster i 1024

Slaget på Stiklestad i 1030 der Olav den heilage vart drepen

Denne delen av historia kjenner eg altfor lite til

Bryr meg ikkje

Vis resultat

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Publisert

27.12.2025, kl. 10.55