Har du nokon gong spelt på Xbox-konsollen din og tenkt jøss, dette hadde vore betre med ein PlayStation 5-kontroller? Ikkje?
No får du sjansen, for Hyperkin er her med ein kontroller så nøye modellert etter PlayStation 5s DualSense-kontroller at dei like så godt har kalla den The Competitor, og baserer all si marknadsføring på at ja, dette er akkurat det det ser ut som.
Det stoppar likevel ikkje der. The Competitor har eit par fordelar så gode at dei nesten sparkar bein under Sonys eige produkt.

Om det er PlayStation på Xbox du er ute etter, er jakta over.
Øystein Furevik/Gamer.no
Stikkedraum
The Competitor er eit billegare alternativ til dei offisielle kontrollarane der ute, og det er av ein grunn. Denne kontrollaren har ikkje batteri, og må koplast til konsoll eller PC med ein medfølgjande, ekstern kabel på omlag tre meter. Det er ein nedtur, min eigen TV står så pass langt frå sofaen at eg måtte dra fram ein stol for å spele med denne kontrollaren.
Sit du nær maskina du spelar på er dette fort ei ikkje-sak, men det er verdt å nemne. Vi lev i ei batteridreven tid, og eit batteri er den vesle tingen The Competitor manglar for å kome heilt i mål.
For dette er ein knakande god kontroller. Spesielt er hall effect-stikkene av superb kvalitet. Dei har metallbeslag som hindrar slitasje, og det føl med to ekstra stikker i boksen, slik at du kan velje mellom konveks eller konkav form. Dei klikkar ikkje magnetisk på plass slik stikkene på Xbox Elite-kontrollarane gjer, men har i staden ein grei klips-mekanisme. Rundt kanten er stikkene ru og harde, nesten som sandpapir i motsetning til den slitasjeutsette gummien kontrollar ofte kjem med.
Dei sit difor godt under tomlane.
Det er likevel først når du byrjar å bruke den at smilet verkeleg dukkar opp. Stikker er ein vanskeleg kunst. Nokre har for mykje motstand, og må dyttast litt vel hardt på før dei rører seg. Andre har for lite, og er nesten vanskelege å halde i ro.

Xbox Series S/X-kontroller, The Competitor og DualSense.
Øystein Furevik/Gamer.no
The Competitor har perfekte stikker. Motstanden er jamn heile vegen, og eg hadde merkbart betre kontroll i fleire presisjonskrevjande spel enn med Xbox-kontrollaren. Ein merkar kanskje ikkje så mykje i spel som Sonic Racing: Crossworlds, men ved å fyre opp nokre skytespel, eller noko herleg retro og presisjonskrevjande som eit R-Type-spel, og forskjellen mellom standard kontroller og The Competitor var natt og dag.
Nesten kopi
Utover stikkene er The Competitor i praksis ein DualSense-kopi. Den har lik layout, den same gode kjensla på knappane, og svært like avtrekkjarar på baksida.
Akkurat her er likevel både DualSense- og Xbox-kontrollarane hakket betre. Bumberknappane er litt små, og eg må flytte fingeren litt lenger enn på PlaySttaion 5 kvar gong eg skal gjere noko. Det er ikkje store saka, men med DualSense har Sony funne eit design på knappane du skal vere forsiktig med å prøve å fikse.
Elles ligg knappane der du forventar dei, men dei ligga lågare i kontrollaren, og er flatare enn Xbox-kontrollaren sine knappar. D-paden er så godt som identisk med den vi finn hos Sony, og er god og presis. Eit par små menyknappar ligg på kvar side av Xbox-logoen, og knappar for å ta bilete eller slå av mikrofon ligg mellom stikkene.
The Competitor har i tillegg to knappar på baksida av kontrollaren. Desse kan lett programmerast til å kopiere funksjonen til valfrie knappar, og kan i tillegg låasast om du ikkje vil bruke dei. Knappane fell veldig fint rett under langefingeren, og er gode i bruk.
Det seier kanskje seg sjølv, men denne kontrollaren byr ikkje på like avansert risting som ein DualSense-kontroller, i og med at dette er PlayStation 5-eksklusive funksjonar. Ristinga er likevel god, mjuk, og kanskje ikkje like skarp som den no og då kan bli på Xbox-kontrollaren. Det er utelukkande positivt, sidan Xbox-kontrollaren kan bli litt vel bråkete når det ristar som verst.

Bumberknappen er litt mindre på The Competitor (til høgre).
Øystein Furevik/Gamer.no
Konklusjon
Om du spelar på PC eller Xbox, men helst vil ha ein DualSense-kontroller, er The Competitor eit solid alternativ. Den har betre stikker enn begge alternativa, programmerbare knappar på baksida, og ei form som er nesten identisk med DualSense.
Nedturen er naturlegvis at den ikkje har batteri, og det finnest heller ikkje ein batteridreven variant av den. Om dette ikkje er eit problem for deg, er det all grunn til å sjekke ut denne kontrollaren.
Det er ein skikkeleg god kontrollar som ligg godt i hendene, og byr på god komfort for lange økter. Knappane er gode, og kontrollaren har fantastiske stikker som utviklaren sjølv påstår ikkje vil slitast ned.