Regn og låge temperaturar fører til mange glatte vegar i kyst og fjordstrøk på Vestlandet måndag morgon. Vegtrafikksentralen oppfordrar alle som skal ut på vegane å vere merksame og tilpasse køyringa etter forholda.
Trafikkoperatør Tor Evensen seier utfordringa er nedbør kombinert med at temperaturen skiftar over og under null grader.
– Ja, det kan virke som det er det som er problemet. Så frys det på, og det er vanskeleg å sjå at det er glatt. Det er svart is, så det kan kome litt brått på.
Han seier det har blitt salta heile natta.
– Men framleis kjem det inn meldingar om at det er glatt.
Ved Ytre Rød i Stad i Nordfjord køyrde ein personbil av vegen rundt klokka 07. Føraren var aleine i bilen og vart ikkje skadd. Han har forklart at han fekk sleng på bilen.
Klokka 05.23 kom det melding om ei utforkøyring i Bømlo, der det skal vere særs glatt på staden. Ingen personskadar, men materielle skadar på bil og autovern.
Rundt klokka 01.30 natt til måndag sklei ein bil av vegen i Kinsarvik i Ullensvang og trefte ein stein. Airbagar vart utløyste, men dei involverte i hendinga skal ikkje ha fått skade.
Rundt klokka 02 var det også ei utforkøyring i Jølstravegen i Sunnfjord, opplyser Vegtrafikksentralen.
Det var også ei utforkøyring i låg fart i Oddland i Samnanger rundt klokka 02.30. Bilen hadde låg fart, opplyser politiet.