På svært glatt føre har åtte køyretøy sklidd i grøfta på Nysætervegen for å unngå kollisjon med kvarandre, seier operasjonsleiar Arild Reite til Sunnmørsposten.

To bilar kolliderte, og seks andre køyretøy køyrde i grøfta for å unngå å køyre på dei.

– Det er ikkje meldt om personskadar, og det er berre mindre materielle skadar, fortel Reite.

Politiet hadde like før klokka 11 ein patrulje på staden som jobba med å få oversikt. Alle bilane skal vere køyrbare.

Trafikken kan passere på staden, opplysar Vegtrafikksentralen til Sunnmørsposten.