Der skriv dei at Even har signert avtale ut 2028 og gler seg til å komma i gang:
– Eg har valt å ta turen tilbake til Sogndal no for å prøva å hjelpa laget og klubben opp igjen på det høgste nivået i Noreg. Lysta og gleda med fotballen er framleis sterk og eg har framleis ønskje om må få til noko stort, seier han til nettsida.

Les også
Even og Hanna kan enda opp i Sogndal att – om klubbhelten takkar ja til ein siste dans
Også trenar Luis Pimenta ser fram til å få kvalitetane til Even inn i spelargruppa.
– Å signere Even har ein dobbel effekt sportsleg sett. Me får ein spelar som hjelper alle rundt seg til å forstå referansane frå toppnivået og det som trengst for individuell utvikling. Samstundes også ein person med kvalitetar som kan ha ei avgjerande rolle for laget sine prestasjonar.
Hovland skal vera på plass til oppstarten i januar.