Dei nybakte småbarnsforeldra rakk så vidt å helse på babyen sin før han forsvann frå fødestova. Allereie før fødselen blei det bestemt at barnevernet skulle overta omsorga.
Kommunen meinte foreldra ikkje var skikka til å ta hand om ein baby.
I åra etterpå har dei kjempa for å få tilbake barnet sitt, som no har blitt tenåring.
– Eg føler det er heilt forferdeleg.
Faren vedgår at dei var uerfarne, men nektar for at dei var uskikka som foreldre.
– Dersom vi ikkje hadde vore i stand til å ta oss av barnet, så forstår eg det, men eg følte ikkje at dei var interesserte i å bli kjende med oss.
NRK har valt å anonymisere han av omsyn til dei involverte.
Bamsen ligg igjen heime hos faren.
Foto: Remi Sagen / NRK
Blei henta rett etter fødselen
Om kort tid skal Høgsterett avgjere om kommunen og barnevernet var for raske med å konkludere med at barnet aldri skulle heim igjen.
Det krev ei grundig vurdering.
– Dei gav beskjed allereie før barnet var fødd at dei ville hente babyen ein time etter fødselen, og at vi ikkje kom til å få barnet tilbake, hevdar faren.
Han er i jobb, har eige hus og stor slekt. Nokre år etter at han og ekskona miste omsorga for eldstebarnet, fekk dei ein ny baby. Dette barnet bur fast hos faren.
– Eg er sjølvsagt veldig glad for at eg får oppleve det fantastiske å ha dottera hos meg, seier han, men er snar å leggje til at det gjer saknet etter den eldste endå større.
I starten var begge foreldra involverte i rettssakene. Etter at dei to skilde lag, er det førebels faren som har bestemt seg for å føre saka. Mora er orientert om at NRK omtalar saka.
Saka har gått heilt til topps i rettsvesenet, og skal no behandlast i Høgsterett i februar.
Foto: NTB
– Kjempeviktig for alle kommunar i Noreg
Dersom kommunen blir dømd til å betale erstatning, vil det kunne føre til at andre kommunar får liknande krav. Det er difor stor interesse for saka.
– Det er kjempeviktig for alle kommunar i Noreg. Dette er ei sak som alle barnevern over heile landet følgjer med på, seier Frode Lauareid, som er advokat for kommunen.
Då saka gjekk for lagmannsretten nyleg engasjerte interesseorganisasjonen KS seg som medhjelpar for å få frikjend kommunen.
Lauareid avviser at kommunen bør betale erstatning.
– Ikkje etter kommunen sitt syn, nei. Vi meiner at dei vurderingane som kommunen gjorde var rette og byggjer på kva som er til barnets beste, seier han.
Frode Lauareid er advokat for kommunen som er saksøkt.
Foto: NRK
Dømd til å betale erstatning
Men juristane er ikkje samde om det som har skjedd i den vesle familien er brot på menneskerettane.
Først blei kommunen frifunnen for å ha øydelagt for retten til familieliv.
Då Frostating lagmannsrett behandla saka på nytt våren 2025, kom dommarane til det motsette: kommunen blei dømd til å betale 200.000 kroner i erstatning til for brot på menneskerettane. I tillegg måtte kommunen dekkje sakskostnadene på over 300.000 kroner.
Retten konkluderte med at barnevernet ikkje har gjort nok for at barnet og foreldra kunne klare å halde kontakten og bli kjende.
Etter at kommunen anka, er no Høgsterett neste stopp.
Gjenforeining er målet i lova
Utgangspunktet etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 er at omsorgsovertakingar skal vere midlertidige. Målet er at barnet skal gjenforeinast med foreldra sine. Dette fordi barn og foreldre har rett til respekt for sitt familieliv og at inngrep etter avgjerda må vere nødvendige og forholdsmessige. Menneskerettane i EMK er norsk lov.
Høgesterett har kravd justeringar i norsk praksis i barnevernet for å vere i tråd med EMK og norsk lov. Spesielt har dei understreka at det er viktig at barnevernet jobbar aktivt for å legge til rette for gjenforeining.
Dette har skjedd etter at Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD) fleire gonger har dømd Noreg for brot på menneskerettane. Mellom anna har dette handla om at ein har gitt opp målet om gjenforeining for raskt.
Kjelder: NIM – Noregs institusjon for menneskerettar. Barne- og familiedepartementet sitt rundskriv om behandlinga av barnevernssaker etter nye avgjerder frå Høgsterett. Stortingsproposisjon 133 om endringar i barnevernlova. Lovdata.
Faren seier barnet har slått rot i ein annan familie ein annan stad i landet, og neppe kjem heim igjen. Han seier det er viktig for han at barnet veit kva som skjedde då han og mora miste omsorga.
Foto: Remi Sagen / NRK
Unik sak i rettsvesenet
Det finst knapt rettspraksis på kor mykje kommunane og barnevernet pliktar å gjere for å legge til rette for gjenforeining mellom barn og foreldre.
Seniorrådgjevar Pernille Borud i Noregs Institusjon for menneskerettar seier oppreisingserstatning er eit viktig verktøy.
– Barn er ikkje ein ting ein berre kan levere tilbake og seie at «no har vi reparert menneskerettsbrotet». Dette er sakstypar der feila kan få uopprettelege konsekvensar både for foreldre og barn, seier ho.
Foto: Hanna Johre, Norges institusjon for menneskerettigheter
Har slått seg til ro med at ho aldri kjem heim
Faren seier han ikkje lenger håper at eldstebarnet skal flytte heim til Nordvestlandet. Tenåringen har slått rot på ein annan kant av landet, med ny familie og vener. Den biologiske familien møtes til saman åtte gonger i året, nokre timar kvar gong.
Han meiner likevel det er svært viktig at barnet får vite kva som skjedde då dei miste omsorga. Det er langt viktigare enn erstatning.
– Sjølvsagt er det greitt å kunne få noko for det, men det viktigaste for meg er å få sanninga på bordet, seier han.
Saka skal opp for Høgsterett i februar, og det er sett av to dagar.
Faren meiner familien har vore utsett for ein stor urett. No skal Høgsterett avgjere saka.
Foto: Remi Sagen / NRK
Publisert
30.12.2025, kl. 05.27