Saka samanfatta:

  • Både i Ålesund og Molde er det private aktørar som står for oppskytinga, men dei slit med å få inn nok pengar.
  • I Kristiansund sponsar kommunen fyrverkeriet av tryggleiksomsyn og for å møte innbyggjarane sine forventningar.
  • Ferjemannskapet bidreg til å frakte fyrverkeri for å sikre feiring i lokalsamfunnet.
  • Uten økonomisk støtte kan fleire arrangement stå i fare for å bli avlyst.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Skal vi ha felles fyrverkeri eller ei? Det er det store spørsmålet fleire stiller seg før det nye året tek til.

I Oslo har dei allereie avlyst felles rakettoppskyting fordi dei har fått inn for lite pengar.

Medan dei i Kristiansund kommune har bestemt seg for å bruke offentlege midlar til fyrverkeri på nyttårsaftan.

Slit med å få inn nok pengar

Et fyrverkeri lyser opp nattehimmelen over en snødekt by med fargerike bygninger. De sneklade takene reflekterer lys fra både fyrverkeriet og gatebelysningen. Byens moderne og tradisjonelle bygninger er synlige, og det er tydelig at det er kveld. Omgivelsene gir en stemningsfull kontekst til feiringen som finner sted. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Slik såg nyttårsaftan i Ålesund ut i fjor. Då var det ingen felles fyrverkeri.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Både i Ålesund og i Molde er det private aktørar som står bak felles oppskyting. Men det er ikkje like lett å få inn nok pengar.

Lars Orheim Haga, har tatt initiativet til felles fyrverkeri i Ålesund. Han meier felles oppskyting er vegen å gå, for å hindre store ulykker.

– Om ein skal få ned talet på ulykker og hjelpe fortvilte hundeeigarar, så trur eg det er vegen å gå. Og at det heller skal skje i eit felles arrangement.

Det har vore usikkert, men Haga kan bekrefte at det blir fyrverkeri i år.

Han har oppretta ein spleis for å få inn pengar til fyrverkeriet, men om han ikkje får inn nok i år, så spøker det for felles oppskyting neste år.

– Da kan vi ikkje fortsette. Vil byen ha det, så er vi avhengig av eit stort spleiselag, seier Haga.

En person i gul refleksjakke og svart lue ruller en vogn med flere store svarte rør. Omgivelsene består av et verksted med trepaller og oppbevaringshyller. Bakgrunnen viser flere rør og verktøy, typisk for et industrielt miljø. Belysningen er kunstig, og rommet har en hullete takstruktur. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Claus Krohn står bak eit felles fyrverkeri i Molde. I år er det femte gongen han arrangerer det.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Det same problemet har dei i Molde. Der er det Claus Krohn som står eit felles fyrverkeri, men også dei slit med å få inn nok pengar.

– Det er slik kvart år. Det er litt trådt. Men det brukar å losne dei siste dagane, seier Claus Krohn, som er dagleg leiar i Krohn pyroteknikk.

Også han peiker på det same som Haga, at det er betre for sikkerheita til folk flest at fyrverkeriet blir fyrt opp av profesjonelle folk.

– Når folk skal fyre opp sjølv, så skjer det ting. Det er ikkje profesjonelle folk, og det blir skader.

  • En person som går tur med en hund (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Solveig Nyhus Aksnes / NRK

    Jorun vil gjerne ha felles fyrverkeri

    – Eg er veldig tilhengar av felles fyrverkeri. Eg synest det er flott. Eg synest ikkje det er så flott med litt slikt smårusk som folk skyt opp frå hagen og gata. Eg er veldig for felles fyrverkeri, seier Jorun Helseth Borlaug.

    Hunden hennar som er tre år gamal, synest det er stas med fyrverkeri. Og spring frå vindu til vindu på nyttårsaftan, fortel ho.

  • en mann med hatt som står på en gate med bygninger og biler (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Solveig Nyhus Aksnes / NRK

    Ayad er positiv til felles fyrverkeri

    – Eg synest det bør vere offentleg. Eg synest det bør vere under kontroll, særleg dei som er farleg for andre, seier Ayad Al-Rashedy

  • en person med hatt (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Roar Jonny Strøm / NRK

    Ja til felles, men vil også skyte opp eige

    – Eg støttar felles fyrverkeri, seier Per Arne Orvik.

    Men han vil også fyre opp eige, og har allereie handla inn til nyttårsaftan.

Kommunen betalar

I Kristiansund er det kommunen sjølv som sponsar fyrverkeriet. Linda Dalseg Høvik er varaordførar, og forklarer kvifor kommunen har valt å prioritere dette.

– Det er ein del av ei større vurdering. Vi har ein del eldre trehus som kan ta fyr, og så har det også blitt noko folk sett pris på og forventar.

I Kristiansund er det to felles fyrverkeri i løpet av nyttårsaftan, eitt klokka 17:00 og eitt ved midnatt.

– Vi gjer det for befolkninga, men har også nokre tankar reint sikkerheitsmessig, seier varaordføraren.

Linda Dalseg Høvik fra Nordmørslista, varaordfører i Kristiansund.

Varaordføraren rekk ikkje å ta turen til fellesfyrverkeriet sjølv, men skal gjere andre koselege ting på nyttårsaftan.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg

Brukar matpausen på å frakte fyrverkeri

I Sande har ferjemannskapet tydd til frivilligheit for å få på plass eit fyrverkeri ved hotellet Rosenlund Hamn i Sandshamn.

Jan-Inge Lillebø er kaptein på ferjesambandet MF «Foldøy», som går mellom fire øyer på Sunnmøre.

Der har dei utsett den eine ferjeruta frå Larsnes for å frakte fyrverkeri tysdag 30. desember.

– Vi tenkte å ta ein annan vri, der vi tar ein ekstra tur i pausen vår, og då blir ingen skadelidande, seier han smilande.

Lastebil fraktar fyrverkeri på ferja frå Larsnes til Voksa

Denne lastebilen har frakta om lag 250 kilo med fyrverkeri til Sandshamn.

Foto: Jan-Inge Lillebø

Ferjemannskapet skal ikkje dra til Rosenlund Hamn for å sjå fyrverkeriet sjølv, men kapteinen seier det er fint at andre får nyte fyrverkeriet

– Vi er jo på ein måte livsnerven her ute på øyene. Så vi har eit eige forhold til dei reisande, det stikk djupare enn eit stort samband frå A til B.

Publisert

30.12.2025, kl. 14.18