Den siste veka har det veksla mellom minus- og plussgrader.
No melder meteorologane om ein iskald start på nyåret.
Sprengkaldt blir det faktisk.
– Nokre plassar kan det bli like kaldt som i ein fryseboks, varslar statsmeteorolog Unni Nilsen.
Heile landet skal få kjenne på vinterkulda dei komande dagane. Frå nord til sør, og frå aust til og med kysten i vest kjem gradestokken til å bli blå.
Din nettleser støtter ikke innbygging av eksternt innhold
Kan bli dyrt
Har du ikkje sjekka røyra på ei stund, kan det vere lurt å tenke på det no.
Mange har feira jul på hytta, eller har planar om å helse det nye året inn frå fjellheimen.
Vi legg bak oss ein uvanleg mild desember fleire stadar i landet. Fryste røyr ligg kanskje ikkje på toppen av bekymringslista hos dei fleste.
Når gradestokken skal nedover kan det likevel vere lurt å vie røyra ein ekstra tanke. Det kan nemleg bli dyrt om dei får frostskadar og sprekk.
Tal frå Finans Noreg viser at det i løpet av dei tre første kvartala i 2025 kom inn over 50 000 skademeldingar på vasskadar. Totalt kosta dei 2,9 milliardar kroner.
Når kulda bit seg fast kan det vere lurt å ta ei ekstra runde på hus og heim for å unngå ei kjedeleg rekning.
Foto: Frende forsikring
Ikkje alle er frostrelaterte, men seniorrådgjevar i Frende forsikring, Marius Solberg Anfinsen, seier frostskadar er eit stort problem når det først blir kaldt. Han har ei klar oppfordring.
– Det tar berre nokre minutt, og kan spare deg for store kostnadar og mykje stress, ikkje minst.
Her er fire ting du bør tenke på før du forlèt hytta:
Steng, tøm og isoler
🚰🚿Steng vatnet og tøm røyra
Vatn som blir liggande i røyra kan fryse og føre til at røyra sprekk. Ofte oppdagar ein ikkje det før skada allereie har skjedd, og det kan bli dyrt.
🌡️♨️Ha på litt varme
Sjølv om du ikkje er til stades kan det vere lurt å ha på litt varme i hytta, slik at røyra ikkje frys. Rundt 10 grader bør vere nok til å unngå frostskadar.
🫶🏼🫂Spør ein venn
Skal du vere vekke lenge kan det vere lurt å alliere seg med ein nabo eller venn i område, som kan gå innom og sjekke. Skulle skaden først vere ute, er det om å gjere å oppdage det så kjapt som mogleg, for å unngå større vasslekkasjar.
🏡💦Isoler
Eit litt meir omfattande tips, men har du ein krypkjellar eller rom som blir veldig kalde er det best å få det isolert.
Blir det kaldt, eller?
I oktober kom meteorologane med langtidsprognosane for vinteren. Då meldte dei at eit vêrfenomen kunne kome, ei såkalla «brå stratosfærisk oppvarming».
Men, som meteorologane alltid åtvarar, er det ikkje så lett å varsle vêret langt fram i tid. I desember avlyste dei den bitande kulda.
No ser det ut som den er på veg likevel. På Finnmarksvidda kan det bli heilt ned mot 30 minusgrader.
Vel ditt fylke for å sjå kor kaldt det er der du er:
Din nettleser støtter ikke innbygging av eksternt innhold
Men også på kysten må ein finne fram ullkleda. Der kan det krype ned mot 10 minusgrader fleire stadar. Det er litt utanom det vanlege, ifølgje meteorologen.
– Det kan godt skje ein gang i året at ein har ein sånn kuldeperiode, men det er litt uvanleg at det blir så kaldt.
For dei som har gjort skia klare, kan det kome nokre snøbyer på nyttårsaftan. Etter det blir det stort sett tørt og fint.
Foto: Linn Holstad Hines / Den Norske Turistforeningen
Publisert
30.12.2025, kl. 15.21