Då tilsette kom på jobb litt før klokka sju tysdag morgon såg dei straks at døra til containeren var opna.

Politiet har oppretta sak etter at innbrotstjuvar braut opp fleire hengelåsar på Europris i Indre Arna, før dei fjerna store mengder fyrverkeri.

Verdien skal vere rundt 100.000 kroner.

Innbrot hos Europris i Indre Arna i Bergen

Kundane fekk beskjed om at utsalet starta seinare enn planlagd tysdag.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Dagleg leiar, Sindre Bjørndal, seier han raskt såg at det vart brukt verktøy på å få av låsane.

– Den typen dei har forsynt seg av har i hovudsak vore dei meir krutsterke variantane.

Det betyr i hovudsak større batteri med stor krutmengde.

– Dei visste kva dei var ute etter.

Innbrot hos Europris i Indre Arna i Bergen

Butikksjef i Europris, Sindre Bjørndal, seier innbrotstjuvane visste kva dei var ute etter.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Fekk ikkje med seg alt

Europris seier at innbrotstjuvane ikkje fekk med seg alt i containeren. Men hendinga har ført til at det er lagt ut beskjedar til kundane i butikken at salet er utsett til seinare på dagen.

«Utvalet når vi startar vil vere noko/kraftig redusert», står det på eit av skilta.

– Alt fyrverkeri av klasse 1 var heldigvis inne i butikken. Som no er tillate med dei nye reglane. Så vi har ein del utval igjen, ettersom dei ikkje tok med seg alt.

En bygning med skilt europris og mekonomen. framfor er det fem flaggstenger, en rød kontainer og tre grønne tilhengere

Tjuvane fekk med seg fyrverkeri for rundt 100.000 kroner.

Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK

Butikksjefen antydar også at det finst videoopptak frå området, utan at han vil stadfeste det.

– Eg kan seie på generell basis at politiet har vore her i dag tidleg. Og dei har sikra både fysiske og digitale spor så langt det rekk.

For rundt eit år sidan var det eit liknande innbrot ved Europris Midtunheia i Bergen Sør, der halvparten av innhaldet var borte. Den gongen uttalte distriktsleiaren i Europris til BA at han trudde profesjonelle stod bak innbrotet.

Også den gongen gjekk tjuvane etter dei største batteria.

Publisert

30.12.2025, kl. 12.00