– Dei fleste køyrer rundt i to og tre tonn tunge personbilar og fraktar berre seg sjølv. Denne er nett passeleg stor og veg 600 kilo, seier Ola G. Stadheim.
Bilen, eigentleg ein mopedbil, er elektrisk, har bakhjulsdrift og godkjent for last inntil 450 kilo.
– Rekkevidda kunne vore litt større men dekkjer behovet mitt i massevis. Bilen taklar greitt eit par turar til Vangsnes. Og eg har vore i Framfjorden, fire mil tur/retur. Og ikkje minst, den er snaopen på Tambsvegen i Steimslia.
Bilen min
Det finst mange som har eit heilt spesielt forhold til den rullande doningen på fire hjul. Anten den er liten, stor, gamal eller ny. For dei er ikkje bilen berre eit framkomstmiddel.
I denne serien vil me løfta fram desse menneska og historiene om bilen min.
Og me tek meir enn gjerne imot tips til kven me bør skriva om. Då sender du ein e-post til redaksjon@sognavis.no
– Stel straum nett der eg vil
Ola G. Stadheim slo til då 2023-doningen var til sals på nettet. Kjøpt brukt heilt oppe i Tromsø for 80.000 kroner, nyprisen var 120 000.
– Sendt med hurtigruta?
– Nei, med trailer.
– Du hermar etter ungdommen som køyrer mopedbil?
– Dei køyrer fossilt, denne er elektrisk. Ein anna fordel er at eg slepp montering av ladeboks. Ein vanleg stikkontakt er alt som skal til og eg kan stela straum nett der eg vil. Og det har eg gjort, seier han lattermildt.
Elektrisk framkomst er ikkje ny erfaring på Steim, vikjene sitt namn på grenda Stadheim.

Kupéen er lys, enkel og oversiktleg.
Foto: Gunnar Kleven
Sans for grønt skifte
Stadheim var nummer to i Vik som kjøpte ein tre år gamal Tesla i 2016.
– Eg hadde ikkje råd til å sitja med den lenger, Gaute (sonen) overtok to år seinare, men han var ikkje heilt nøgde og selde to år seinare.
Pensjonisten, tidlegare sveisar på Vik verk, har sansen for grøne framkomstmiddel og var førstemann som kjøpte elektrisk ATV og elektrisk skuter, registrert som motorsykkel.
Ein digresjon: Steimingen var i 1970 først ute som køyrde diesel i Vik, ein Mercedes 1967-modell.

Doningen veg 600 kilo, lasteevna er imponerande 450 kilo.
Foto: Gunnar Kleven
Brit nektar
– Eg burde kjøpt same typen for mange år sidan og hadde vore midt i blinken den gongen eg var bærbonde. No er den heilt topp til småærend og varer forhåpentlegvis livet ut.
– Den kan òg nyttast som konebil?
– Eg får ikkje Brit inni, ho nektar på kniven. Når eg er på småturar, er tilbakemeldingane mange, spesielt frå kvinnfolka.
– Mopedbilen kan minna om ein Postmann Pat- og isbilkryssing?
– Nokre kallar den for pavebil. Skjer eg hol i taket, hadde den passa, seier Ola G. Stadheim.