Tysdag kom partileiarane til Bergen for partileiardebatt i TV 2 sine lokale i mediebyen. I ein debatt som handla forfriskande lite om formuesskatt var det to partileiarar som, igjen, skilde seg ut.

Kandidatane er vurdert ut frå innsats, retoriske prestasjonar, etterrettelegheit og evne til å nå ut til nye veljarar:

Jonas Gahr Støre (Ap) tar ansvar for situasjonen i barselomsorga, og viser at han kjenner feltet godt. Viser til at talet på årsverk har auka, men ikkje nok.

Åtvarar mot at private aktørar skal ha fri etableringsrett, og at dette kan gjera det vanskelegare å få nok bemanning. Men hamnar litt i skuggen av Erna Solberg i denne delen av debatten.

Er krass i kritikken mot Kristeleg folkeparti og Framstegspartiet ikkje har villa fordømma folkemordet i Gaza, og viser til at eit regjeringsskifte dermed vil gje ei ny linje i norsk utanrikspolitikk. Er truverdig når han fortel at Norge har bidrege til å jobba for at fleire land skal anerkjenna den palestinske staten. Når det handlar om utanrikspolitikk er Støre i ein klasse for seg. Vert ikkje utfordra på rotet i oljefondet sine investeringar. Må likevel dela sigeren i debatten med Erna Solberg, som starta debatten best.

Bergen 20250819. 
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), SV-leder Kirsti Bergstø, SP-leder Trygve Slagsvold Vedum og Rødt-leder Marie Sneve Martinussen under den direktesendte partilederdebatten på TV2 som sendes fra Media City i Bergen tirsdag kveld.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Då Jonas Gahr Støre snakka seg varm i trøya om utanrikspolitikk skjedde det noko rart. Då vart resten av panelet stille. Ei stund.
Foto: Paul S. Amundsen

Erna Solberg (H) spring ikkje frå ansvaret for utviklinga når det gjeld bemanning på fødeklinikkane. Det kler Solberg å ta ansvar. Er god til å få fram partiet si linje når det gjeld private tilbydarar i helsevesenet, uavhengig av kva ein måtte meina om temaet. Får fram eit uventa poeng når ho fortel at Høgre vil ha mindre stoppeklokketenking i barselomsorga.

Argumenterer godt for at det ikkje er eit godt omfordelande grep å redusera matmomsen, og at det er dei som kjøper mest dyr mat som vil tena mest.

Kritiserer Støre-regjeringa for å vera for tidleg ute med å anerkjenna den palestinske staten, fordi dette kunne ha vore eit forhandlingskort i ein seinare fase. Det er kanskje eit godt poeng frå Høgre sin ståstad, men elles slit ho litt i Gaza-debatten, der ho hamnar i ein skvis mellom Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti. På dette feltet er Støre langt betre.

Sylvi Listhaug (Frp) er mindre aggressiv i stilen enn tidlegare partileiardebattar, men slit òg dermed meir med å få fram poenga sine. Medan Solberg tar sin del av ansvaret for bemanningssituasjonen i helsevesenet skuldar Listhaug utelukkande på den sittande regjeringa.

Me snakkar her om utfordringar som i tillegg til politikk handlar om demografiske utfordringar som ei kvar regjering ville ha slite med.

I selskap med Solberg og Støre, og fleire av dei andre partileiarane, kjem Listhaug til kort når temaet er utanrikspolitikk. Frp-leiaren seier at krigshandlingane i Gaza har gått for langt, men lagar eit inntrykk av at ho er meir opptatt av at oljefondet skal tena pengar, enn moralen i kor pengane vert plasserte.

Bergen 20250819. 
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) o gFrp-leder Sylvi Listhaug under den direktesendte partilederdebatten på TV2 som sendes fra Media City i Bergen tirsdag kveld.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Foto: Paul S. Amundsen / NTB
Foto: Paul S. Amundsen

Har eit godt poeng når ho seier at ho er lei av ulike selskapsleikar for å få fram kva partia meiner i ulike saker i partileiardebattane.

Marie Sneve Martinussen (R) får inn gode poeng om teljekantsystem på sjukehusa, og at fødslar vert prioriterte for lågt grunna stykkprisfinansiering, som ikkje motiverer til at jordmødrene skal få nok tid til dei fødande.

Får inn ein heil del gode poeng gjennom debatten, utan å briljera.

Er ikkje like tydeleg som Bergstø når temaet vert Gaza.

Kirsti Bergstø SV) serverer lett gjenkjenneleg motstand mot private aktørar i helsetenestene, som er ei av SV sine viktigaste saker. Likevel slit ho rett og slett til å komma til orde i første delen av debatten. Det er ikkje berre hennar feil.

Har ein enkelt og gjenkjenneleg bodskap når temaet er Gaza. Stiller eit tydeleg krav om at Norge skal gå ut av alle investeringar som bidreg til okkupasjon på Gaza. Noko det er truverdig at SV kan få gjennomslag for, dersom dei hamnar i regjeringsforhandlinger. Viser til at situasjonen er like ekstraordinær som då investeringar i Russland vart stoppa. Dermed reddar ho seg inn og kjem meir på offensiven utover debatten.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er på heimebane når han får spørsmål om fødetilboda i distrikta, og viser til at Senterpartiet har bidrege til at fødetilbodet ved fleire mindre sjukehus i nord ikkje har vorte lagt ned.

Kjem òg inn på eit klassisk Sp-spor når temaet vert private aktørar for å bekjempa bemanningskrisa.

Slit, som fleire av dei mindre partia, med å komma til orde i det store panelet.

Har lite å stilla opp med når temaet er Gaza. Viser veldig tydeleg at han støttar seg på Jonas Gahr Støre i dei utanrikspolitiske vurderingane.

Dag Inge Ulstein (KrF) angrip Støre på lettvint vis for bemanningskrisene i helsevesenet, utan at han greier å vera spesifikk på kva som er årsaka til at dette først og fremst skuldast politiske feil.

Kjem med eit underleg angrep på partia som ønsker cannabis på vinmonopolet, og gjev Venstre, MDG og Raudt skulda for at dagens mislykka narkotikapolitikk. Den gjeldande politikken minnar langt meir om KrF sitt partiprogram enn dei nemnde partia sin politikk.

Viser i det minste at han er eit tydeleg alternativ til den sittande regjeringa i synet på korleis situasjonen i Gaza skal handterast. Har på sett og vis greie poeng når det gjeld at det vert snakka for lite om Hamas og antisemittisme i Norge, men fell likevel igjennom fordi han let vers å svara når han vert utfordra på dei israelske krigsbrotsverka. Til og med dei beste vennene av Israel må greia å ta inn over seg verkelegheita.

Treff likevel godt i sitt eige grunnfjell, som neppe har noko i mot at Ulstein unngår å kritisera Israel. Er derfor den vanskelegaste i panelet å vurdera.

Er populistisk og opportunistisk i stilen. Men når nok likevel fram til dei han ønsker å nå.

Fell heilt igjennom når han stemplar Støre for å driva ein aktivistisk utanrikspolitikk.

Guri Melby (V) rettar eit velplassert spark mot dagens fleirtal for at den jordmordstyrte fødeklinikken på Ullevål i Oslo vart lagt ned. Men der stoppa innetiarane for Venstre-leiaren

Slit elles med å markera seg i debatten.

I debatten om situasjonen i Gaza får Melby tydeleg fram at ho er på ei heilt annan linje enn Kristeleg folkeparti og Framstegspartiet, og argumenterer på ein ansvarleg måte.

Vinn likevel neppe nye veljarar.

Arild Hermstad (MDG) får ingen enkel jobb i partileiardebatten i Bergen. Igjen ein debatt som i liten grad handlar om Miljøpartiet Dei Grøne sine kjernesaker.

Hermstad slit med å markera seg som eit tredje alternativ i ein helsedebatt som i stor grad er prega av høgre-venstre-aksen. Vert i mange av ordvekslingane ei litt meir utydeleg stemme enn dei andre på raudgrøn side.

Også når temaet er Gaza vert Hermstad meir anonym enn kollegaane. Ville nok gjerne ha snakka meir om klimademonstrasjonar, og mindre om klassisk blå og raud politikk.

Bergen 20250819. 
Partilederne under den direktesendte partilederdebatten på TV2 som sendes fra Media City i Bergen tirsdag kveld.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Alle partileiarane var einige om at matvaregigantane er for mektige. Men ingen gjer noko med det.
Foto: Paul S. Amundsen