Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ingen barn omkom i trafikken i fjor, men det er ein auke i tal unge i alderen 16–24 år.

– Det er for mange som døyr i trafikken, og eg er ikkje fornøgd med at ulykkestala aukar, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i pressemeldinga.

Flest drepne i Vestland

Dei førebelse tala for 2025 syner at dødsulykkene særskild dreidde seg om ulykker knytt til utforkøyring og møteulykker, med 40 drepne i kvar kategori.

Ni personar omkom i trafikken i desember. Det er over dobbelt så mange som i 2024, då var talet fire. Sju var menn og to var kvinner, og fem av ni var fotgjengarulykker.

I alt 16 personar omkom i trafikken i Vestland fylke i 2025. Dette er det høgste talet omkomne blant alle landets fylke i fjor.

Sju av desse mista livet i vegtrafikken i Sogn og Fjordane. Blant dei var ein ung MC-førar som omkom på rv. 5 mellom Førde og Naustdal i juni. Elles ser ulykkesstatistikken for Sogn og Fjordane slik ut:

Trass at Vestland fylke skil seg negativt ut, har ingen mista livet i vestlandstrafikken sidan 31. august. På landsbasis har det vore ein auke på 30 trafikkdrepne sidan utgangen av august.

Elles blir ulykkesåret oppsummert slik:

  • 14 omkom i Innlandet. Østfold har den beste utviklinga med tre drepne mot sju året før. Finnmark har færrast omkomne med to.
  • Motorsyklistar er overrepresenterte i ulykkesstatistikken med 24 drepne. Det er fire fleire enn i 2024.
  • 45 mista livet i personbil mot 31 året før. Samanlikna med tidlegare år er det likevel færre personbilulykker.
  • Fire personar mista livet på ATV. I 2024 var det ingen.
  • 11 syklistar omkom i trafikken i 2025. Ein må 10 år tilbake i tid for å finne like høge tal.
  • 10 fotgjengarar omkom i fjor mot seks i 2024.

«Guttaproblem»

For 50 år sidan døydde 88 barn i trafikken, men i år var det ingen under 14 år som omkom. Dette er eit resultat av betydeleg innsats over fleire år med blant anna sikring av barn i bil, og omfattande haldningsskapande arbeid i heimar og i barnehagar og skular, peikar vegdirektøren på.

Likevel er Hovland uroa over auken i tal dødsulykker i aldersgruppa 16–24 år.

– Vi har eit «guttaproblem». Unge gutar som køyrer altfor fort og har anna særleg risikofull åtferd. Og så har dei fleire med seg i bilen. At dei unge gutane tar store sjansar både på eigne og andres vegne, kan vi ikkje akseptere, seier ho.

Ho peikar på at denne aldersgruppa manglar køyreerfaring, køyrer eldre bilar og mistar oftare kontrollen enn eldre førarar.

Dette er noko ho ønsker å gjere noko med.

– Vi kan ikkje bygge oss ut av denne problemstillinga, men vi kan betre opplæringa, bidra til betre haldningar og åtferd, og kanskje også stramme inn på nokre regelverk.