Fylkesveg 17 – den såkalla kystriksvegen – er stengd etter at ein semitrailer har velta ved Bjøråa i Høylandet.

Sjåføren av semitraileren skal ikkje vere skadd.

Erlend Karlsen ved Vegtrafikksentralen fortel at køyretøyet var lasta med fisk som no ligg strødd i vegen.

– Det er sagt at det er snakk om 19 tonn med fisk så det kan jo ta litt tid og få rydda, fortel Karlsen.

Høylandet5

Det er uklart kor lang til det vil ta å rydde vegen for fisk.

Foto: Kjetil Langeng

Han fortel i 18.30-tida at bilbergar er på veg til staden, men er omkring halvanna time unna.

– Vegen blir truleg stengd i alle fall ein time eller to.

I 20-tida fortel operasjonsleiar Trond Hangaas at ein kranbil har kome til staden og at det blir jobba med å få løfta bort semitraileren.

Han seier oppryddingsarbeidet kjem til å ta tid.

Klokka 21.30 er ett felt opna med manuell dirigering.

HøylandetFisk

Det skal ha vore 19 tonn fisk om bord i semitraileren.

Foto: Kjetil Langeng

Mogleg fisken må bli destruert

Operasjonsleiar i politiet, Trond Hangaas, fortel at politiet no er framme på staden.

– Patrulje er på staden og det er no stor kødanning i området.

Politiet kjenner ikkje til kva som er årsaka til ulykka.

– Sjåføren seier sjølv at han køyrde i tilpassa fart og har fått sleng.

Bilberging Høylandet

Foto: Kjetil Langeng

– Det er veldig, veldig mykje av fiskelasta som er spreidd utover vegen og utafor vegen, seier Hangaas.

Han fortel at det no vil bli eit stort oppryddingsarbeid.

– Det er for så vidt ein ganske stor skadestad i og med at fisk ligg strødd utover store delar av vegbana.

Operasjonsleiaren seier det også vil bli eit spørsmål om fisken kan bli brukt til dyrefôr.

– Det er litt spekulasjonar om fisken kan bli brukt til noko som helst eller om den berre må bli destruert.

Publisert

05.01.2026, kl. 18.33

Oppdatert

05.01.2026, kl. 21.35