Ifølge Meteorologisk institutt blei det målt 17,6 grader i Tafjord 15. desember. Ingen andre stadar kunne toppe det resultatet i desember.

Dette er også den femte høgaste temperaturen som nokon gong er målt i Tafjord i desember sidan ein starta med slike målingar i 1952. Rekorden kom 1. desember 2024 då det blei målt 18,7 grader.

Den nest høgaste temperaturen som er målt i Tafjord er 17,7 grader 31. desember 1972 og 20. desember 2015.

– Så dette er jo ikkje overraskande. Du får jo ein føneffekt på grunn av dei høge fjella som ligg kring Tafjord, seier Lillian Kalve ved Klimavakten ved Meteorologisk institutt.

Oversikt over lufttemperatur i landet i desember 2025

Desember månad enda tre gradar over normalen i desember i fjor.

Foto: Meteorologisk institutt

Ventar meir av det same i åra som kjem

Det blei sett 22 rekordar for høg månadstemperatur ifølgje Meteorologisk institutt sin oversikt for desember. 15. desember peikar seg ut som den varmaste dagen i denne månaden fleire stadar i langs kysten.

I Møre og Romsdal blei det målt 16,3 gradar på Sunndalsøra og 15,6 gradar på Åndalsnes 15. desember i fjor.

I Kristiansund blei det målt 14,7 gradar denne dagen, og det er rekord sidan ein starta med målingane ved flyplassen i Kristiansund i 2003.

Totalt enda desember tre gradar over normalen ifølgje Meteorologisk institutt.

– Månaden føyer seg inn i rekka av milde vintermånader siste tida, seier klimaforskar Jostein Mamen.

Mamen ventar meir av det same i åra som kjem, på grunn av den menneskeskapte globale oppvarminga.

Publisert

05.01.2026, kl. 13.22

Oppdatert

05.01.2026, kl. 14.05