Blant artistane som er booka til årets countryfestival i Skjåk finn ein bandet Vestavind, som spelar musikk laga av kunstig intelligens.
Til NRK seier Ole Morten Simonsen at det heile byrja med eit prosjekt berre meint for vener.
Hobbymusikaren hadde skrivi ein tekst og lot kunstig intelligens, i form av appen Suno, lage resten, skriv NRK.
Da songen «Ligga» vart lagt ut på Sptify i fjor sommar tok det av, og Simonsen måtte få samla eit band for å spela musikken.
«Ligga» fekk fort mange avspelingar på strøymetenestene, så Simonsen laga fleire låtar på same måte under bandnavnet «Vestavind», og snart kom fyrste førespurnad frå ein festival.
Det var etter det at Simensen tenkte han måtte samle ei gruppe musikarar, slik at den «kunstige» musikken kan framførast på konsertar og festivalar.
Til NRK seier han at han har ambisjonar om også om å framføre låtar som ikkje er laga med kunstig intelligens.