Det var ein kjensleladd dag for skiskyttarane i Oberhof. Renna for både herrane og kvinnene torsdag var dei første konkurransane etter at Sivert Guttorm Bakken vart funnen død på hotellrommet sitt 23. desember.

Hjelmeset Kirkeeide skaut feilfritt på den første av dei to skytingane på sprinten, men ho gjekk likevel ut på mellomrunden 20 sekund bak finske Suvi Minkkinen.

Markaneløparen skaut også fullt, og ikkje minst raskt, på ståande skyting. Ut på sisterunden låg Hjelmeset Kirkeeide på fjerdeplass, 24 sekund opp til Minkkinen i tet som også skaut fullt. Opp til tredjeplassen var det 16,5 sekund, og ein plass på pallen var innan rekkevidde.

Det vart til slutt fjerdeplass på 22-åringen, der TV2 sine kommentatorar og ekspertar let seg imponere av Hjelmeset Kirkeeide under dei spesielle omstenda. Nok ein gong vart førsteårssenioren best av dei norske.

– Det har vore ein tøff dag, og seremonien (for Sivert Bakken før start, journ. anm.) var veldig fin, sa Hjelmeset Kirkeeide til TV2 etter løpet. Ho var elles fornøgd med løpet, og det at ho hadde skote to fulle hus.

Elvira Öberg frå Sverige vann sprinten, 21,1 sekund føre Minkkinen og 23,6 sekund føre Julia Simon frå Frankrike. På jaktstarten søndag startar Hjelmeset Kirkeeide 33 sekund bak Öberg.

Johan-Olav Smørdal Botn gjekk ikkje herrane sin sprint grunna sjukdom.