– Ein får mykje meir fantasi og finn på meir ting å gjere. Telefon er ikkje så viktig lenger, seier Torveig Isaksen.
I motsetning til dei fleste av venninnene hennar, så har ho ikkje mobil.
Torsdag la helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre fram dei nye råda for skjermbruk.
Råda er utarbeidde på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Dei har som mål å belysa samanhengen mellom skjermbruk og helseutfall, og bidra til å fremja balansert bruk av digitale medium i tida utanom barnehage, skule, skulearbeid og jobb.
Dette er råda:
- Barn under 2 år bør unngå skjerm heilt, og vaksne som er saman med dei bør avgrense skjermbruken sin.
- Barn mellom 2–5 år bør maksimalt bruke 0,5–1 time per dag på fritida, gjerne mindre.
- Barn mellom 6–12 år bør maksimalt bruke 1–1,5 timar per dag på fritida, gjerne mindre.
- Ungdom mellom 13–18 år bør maksimalt bruke 1,5–3 timar per dag på fritida, gjerne mindre.
Helsedirektoratet har fått meir enn 3500 høyringsinnspel i forkant av at dei oppdaterte nasjonale skjermråda blei lanserte torsdag.
Foto: Veslemøy Prøis / NRK
Ved Komsa skole i Alta er det delte meiningar om dei nye råda. Ikkje minst kor lenge dei får lov til å bruke skjerm.
– Det var kanskje litt lite, men det er jo det beste for oss, da, seier Hermine Suhr (11).
Isaksen synest sjølv det er veldig bra at aldersgruppa hennar blir anbefalt å bruke mobilen i maksimalt 1,5 timar.
– Nokre gonger når eg er på besøk, så sit venninnene mine og ser på telefonen. Det er litt kjedeleg, fordi eg har jo ikkje telefon, seier ho.
Dårlegare lesekapasitet
Tore Grøtte er lærar på Komsa skole i Alta, og representerer SV i kommunestyret og sit i styret i Finnmark SV.
Han seier mykje skjermtid blant barn og unge går utover konsentrasjonen til elevar.
– Eg har jobba som lærar sidan 1997. Eg merkar at lesekapasiteten til elevane, altså kor lenge dei klarer å lese, er veldig mykje dårlegare no enn det var tidlegare.
Han ser det same med tanke på lesekunnskapane til dei unge.
– Det ser ut som om det blir mindre og mindre av å lese bøker heime, noko som eskalerte etter korona. Det er ein merkbar forskjell.
Hermine Suhr og Elvira Nilsen-Bie er begge 11 år. Ifølge myndigheitene har dei meir skjermtid enn anbefalt.
Foto: Johan Isak Niska / NRK
Leik med venner
Hermine Suhr og Elvira Nilsen-Bie i 6. klasse fortel at dei bruker mobilen mellom to og tre timar om dagen.
Begge fortel at dei mest bruker sosiale medium når dei er på mobilen. Suhr fortel at ho har skjermtid til klokka 10 på kvelden, mens Nilsen-Bie ikkje har så mange reglar.
– Kva seier foreldra dine når du er på mobilen?
– Dei seier at eg burde gå ut og vere med venner, seier Nilsen-Bie.
Publisert
09.01.2026, kl. 07.12
Oppdatert
09.01.2026, kl. 11.05