Volda sjukehus spelar ei sentral rolle i den lokale akuttberedskapen. Her blir det gitt rask og livreddande hjelp ved mellom anna hjerneslag, hjarteinfarkt, ulykker og andre akutte
situasjonar der minutt kan avgjere liv og død. Avstandane til Ålesund sjukehus er store, og reisevegen kan vere lang og krevjande. Difor er det heilt nødvendig å ha eit sterkt og
fullverdig sjukehustilbod i Volda. Sjukehuset har også eit viktig føde- og barseltilbod som
sikrar kvinner tryggleik og god oppfølging gjennom svangerskap og fødsel.
For å kunne oppretthalde eit godt akutt- og beredskapstilbod er ein fungerande og godkjend helikopterplass heilt avgjerande. I dag ligg helikopterplassen på parkeringsområdet ovanfor sjukehuset. For å kunne halde fram med bruken av denne, er det behov for nødvendige utbetringar, som automatiske bommar og fjerning eller lyssetting av skorsteinen ved sjukehuset. Desse tiltaka er avgjerande for å sikre vidare drift av akuttfunksjonane.
Volda sjukehus er også ein stor og viktig arbeidsplass, med om lag 500 tilsette. Sjukehuset betener kommunane på Søre Sunnmøre og gir helsetenester til rundt 50 000 innbyggjarar. I tillegg spelar sjukehuset ei viktig rolle i utdanninga av nye sjukepleiarar, legar og anna helsepersonell i regionen. Sjukehuset er ein stor trygghet for mange og har vert med på å redde mange menneskeliv. Eg er sikker på at mange fleire ikkje kjem til å rekke å komme seg til sjukehus grunna avstanden. Dette svekkar tryggheita til folket.
Utan Volda sjukehus ville belastninga på Ålesund sjukehus blitt uhaldbar, med lengre
ventetider og dårlegare pasienttilbod som resultat. Ålesund sjukehus har heller ikkje
kapasitet til å ta imot fleire enn i dag. Stadig er det pasientar som må ligge på gangen i
Ålesund. Volda delar også ansvaret med fødetilbod i Nordfjordregionen med Helse Førde
HF.
Framstegspartiet er tydelege på at vi vil bevare eit fullverdig sjukehus i Volda. Vi vil ikkje
akseptere at akutt- og fødetilbod blir fjerna, og vi står for å behalde desse tenestene ved alle sjukehus i Møre og Romsdal.
Kutt og sentralisering handlar ofte om økonomi, ikkje om menneske. Det meiner vi er feil
prioritering. Folk betalar skatt for å finansiere fellesskapets helsetenester, og skal ha
likeverdig tilgang til helsehjelp, uavhengig av kvar dei bur.
Postnummeret ditt skal ikkje avgjere om du overlever ein akutt situasjon.