På den godt brukte, grøne krakken brukte historikar Harald Grytten å stå i Ålesund sine gater og bergta publikum. Han var eit vandrande leksikon om jugendbyen og gav ut fleire bøker.
I dag vart 87-åringen bisett i Ålesund kirke. Men heilt ferdig med byvandring var han ikkje. I den grøne kista i bårebilen fekk han ei siste reise gjennom Ålesundsgatene, med politieskorte.
– Det er ikkje ei bukt, det er ikkje ei vik, ikkje ein våg. Det er eit sund. Det er sjølvaste Ålesundet, brukte Grytten å seie.
I om lag 50 år tok Harald Grytten med seg publikum på byvandringar i Ålesund. Den grøne krakken var alltid med.
Foto: SCANPIX
Skapte begeistring for byen
Historikar og pensjonert museumsstyrar, Ivar Gunnar Braaten meiner Grytten skal ha stor ære for at Ålesund fann identiteten sin og at folk har blitt stolte av å bu her.
I dag er jugendbyen rekna for å vere ein av dei vakraste byane i Noreg og Europa og blir besøkt av millionar av turistar.
– Han har skapt ei begeistring for byen for dei som bur her. Han var ein som tidleg peikte på verdiane som låg i denne unike byen med arkitekturen og plasseringa, seier Braaten.
Kista hadde same farge som krakken til Harald Grytten.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Då byen brann ned i 1904 vart Ålesund bygd opp att i jugendstil.
Grytten starta med byvandringane på 70-talet og hadde ofte fleire i veka.
Han brukte heile kroppen når han engasjert fortalde om byen sin frå krakken.
– Det blir eit tomrom etter Harald. Han var aktiv til det siste og skreiv lesarinnlegg og var ute med krakken sin, seier Braaten.
←
Ivar Gunnar Braaten utanfor Ålesund kirke. Han meiner avdøde Harald Grytten har bidratt mykje til å gi Ålesund ein eigen identitet.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Harald Grytten vart 87 år gamal.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Aspøy skole flagga på halv stang i dag.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Bårebilen køyrde ei eiga rute gjennom gatene der Harald Grytten brukte å ha byvandringar.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Bårebilen vart eskotert av politiet.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
→
Har tatt over arven
Lokalpolitikar og guide, Sindre Nakken (Ap) har tatt over arven etter Harald Grytten. I 20 år har han formidla byhistoria etter inspirasjon frå Harald Grytten.
Som oftast står han på ei bruskasse, men på den årlege markering for bybrannen i 1904, står han alltid på krakk. Men ingen kan gjere det som Harald Grytten, meiner han.
– Uansett kva han snakka om, så blei du fanga i engasjementen hans. Det var nesten så han sto og hoppa eller dirra på krakken, fordi han blei så engasjert sjølv. Det gjer jo at det smittar over, seier Nakken.
Sindre Nakken arrangerer byvandringar etter inspirasjon frå Harald Grytten, men gjer det på sin eigen måte.
Foto: Tore Ellingseter / NRK
Han meiner dagens byvandring i bårebil er heilt i Harald Grytten si ånd.
Grytten meinte at ålesundarane bør gå med brystkassa endå lengre fram og vise kor stolte dei er av byen sin.
– Det er ingen som kan erstatte ein institusjon som Harald Grytten, seier Nakken.
Harald Grytten er verdskjend i eigen by og har tatt folk med på byvandring i Ålesund sidan 1973. Han har alltid med den grøne krakken.
Publisert
09.01.2026, kl. 14.34
Oppdatert
09.01.2026, kl. 15.18