– Då eg byrja å ete, kjende eg at konsistensen var litt rar. Det er ikkje slik ein cæsarsalat skal vere. Så såg eg plutseleg fleire sniglar oppi salaten etterpå, seier Mathea Lied.
Søndagskvelden gjekk Mathea og faren ut for å ete på Egon på Moa i Ålesund. Det som skulle bli ein vanleg middag, enda i sjokk.
Middagen på Egon enda i sjokk.
Foto: Privat– Aldri opplevd noko liknande
– Eg bestilte cæsarsalat, som eg alltid gjer. Etter ti minutt såg eg plutseleg at det låg ein orm i salaten min, seier ho.
Ho hadde rukke å ete ein del før ho oppdaga funnet.
– Eg fekk heilt sjokk. Eg er ganske sikker på at eg har ete ein.
Mathea seier ho aldri har opplevd noko liknande – verken i Norge eller utlandet.
– Det er eigentleg mitt verste mareritt. Og denne gongen trur eg faktisk at eg har fått i meg ein.
Det er ikkje første gong gjester har fått uventa tillegg i maten på Moa. I juni fann SIF/Hessa sitt handballag i jenter 11 år ein snigel i ein burgar på Burger King.
Sjekk hva jentene fant i hamburgeren Reaksjonen på restauranten
Faren gjekk straks for å varsle personalet på Egon.
– Dei var veldig beklagande. Dei sa salaten kjem frå Bama, og at slikt av og til kan følgje med. Men eg skjønar ikkje korleis dei ikkje merka det under tillaginga, seier ho.
Mathea fekk pengane tilbake og eit nytt måltid, men matlysta var borte.
– Eg sat i sjokk ein halvtime etterpå. Etter kvart klarte vi å le litt av det, men opplevinga var ekkel.
Mathea tipsar folk å sjå nøye gjennom salaten.
Foto: PrivatBekymra for mattryggleiken
Hendinga har gjort ho meir skeptisk når ho skal ete ute.
– No sjekkar eg ekstra nøye om det ligg noko i maten. Men eg håpar det går over etter nokre dagar.
Ho meiner ansvaret ligg både hos leverandøren og restauranten.
– Egon bør vere mykje strengare på mattryggleik og rutinar. Det handlar om å hindre at andre gjester opplever det same, seier ho.
Egon: – Ein glipp som skulle aldri skjedd
Oddvar Strand, sentral kjøkkensjef og innkjøpsansvarleg på Egon.
Foto: Privat
Oddvar Strand har jobba på Egon i om lag 25 år, og som sentral kjøkkensjef og innkjøpsansvarleg har han ansvar for både innkjøpsavtalar og dei produkta som blir brukte på Egon i Moa i Ålesund.
Han seier at hendinga blir teken på største alvor.
– Dette er eit ferdigprodukt frå Bama, merka «ready to use». Våre rutinar er ein visuell sjekk før servering, men her har det skjedd ein glipp, forklarar Strand.
Vil skjerpe kontrollen
Kjøkkensjefen understrekar at både kjøkkenet og leverandøren har eit ansvar.
– Den som la opp maten har ikkje sjekka godt nok, og samstundes må produsenten gå gjennom eigne rutinar, meiner han.
Strand seier Egon har sett i verk tiltak.
– Gjesten sin oppleving er det viktigaste, seier han.
Dei varsla Bama med ein gong.
– Dei går no gjennom eigne rutinar og produksjonslinjer. Vi skal saman vurdere om vi må endre praksis eller eventuelt slutte å bruke produktet dersom det ikkje kan kallast «ready to use».
Han avsluttar med ei beklaging.
– Vi er lei oss for at gjesten fekk denne opplevinga, og håpar vi får sjansen til å vise oss frå ei betre side neste gong, seier Strand.
Bama: – Uheldig, men ikkje helsefarleg
Joakim Ingebrigtsen, kommunikasjonsrådgivar i Bama, stadfestar at dei leverer salat til både Egon og Burger King.
Joakim Ingebrigtsen, kommunikasjonsrådgivar i Bama.
Foto: Bama Gruppen / Presse
– Frukt og grønt blir dyrka ute i naturen, midt blant insekt og småkryp. Vi gjer alltid vårt ytste for å hindre at desse blir med i ferdig produkt, men i dette tilfellet har vi dessverre ikkje lukkast, skriv han i ein e-post til Sunnmørsposten.
Dei forklarar at alle salatar blir reinska, kutta og vaska grundig fleire gonger, og at råvarene òg går gjennom optisk sortering.
– At ein snigel har klart å kome gjennom heile prosessen er uheldig og kan opplevast ubehageleg, sjølv om det ikkje utgjer nokon helserisiko.
Ifølgje Bama skjer slike tilfelle svært sjeldan.
– Når vi får ei hending, undersøker vi forløpet og vurderer om vi må justere rutinar eller utstyr. Sjølv om slike funn ikkje er farlege, har vi full forståing for at det opplevast ubehageleg.