Frå natt til måndag er det sendt ut oransje farevarsel for snø i Agder, som held fram til tysdag morgon
– Heilt lokalt kan det bli opp mot 40 centimeter snø i løpet av 24 timar, det seier vakthavande meteorolog, Pernille Borander.
Kartet viser snøfallet frå måndag morgon.
Foto: Yr
I tillegg er det eit større område i Agder, som så vidt når Telemark, som får snø, men på gult nivå.
Beredskapsrådet i Agder møtast søndag kveld for å planleggje handteringa av snøvêret som er venta måndag morgon. Det seier fungerande fylkesberedskapssjef Bengt Henriksen til NRK.
– Vi inviterer alle kommunane med. Det oransje varselet gjeld for kysten, men det er òg eit gult varsel i resten av fylket. Vi får mykje snø no og vi må vere førebudde, seier Henriksen.
Blir du glad for snø?
Det er perfekt! Endeleg tar vi fram skia.
Eg hatar snø. Eg blir inne og håpar eg får fri frå jobb.
Vis resultat
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Lågtrykket som kjem har òg med seg mildluft etter kvart, så seinare måndag vil snø bli til sludd vest i Agder.
– Viss du vil nyte snøen, må du gjere det i dag, seier Borander.
Meteorolog Pernille Borander.
Foto: Ole Kaland, NRK
Det er òg farevarsel for snøfokk i heile fjellet i Sør-Noreg. Det kan fort bli kolonnekøyring eller stengde vegar.
Det er òg sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast på vestlandet, som i tillegg treff delar av Møre og Romsdal og Trøndelag. Nokon plassar kan vindkasta måle opp til 33 m/s.
– På Vestlandet gjeld det å følge med, og det er fint å ha ein plan. Her vil variasjonane vere veldig store lokalt, og det kan skje at ein mistar straumen om tre bles ned over høgspentmaster og vegar.
– Det er rett og slett ein skikkeleg kamp mellom høgtrykk og kulda som ligg over fastlandet nå, og det lågtrykket som kjem med vind og mildare luftmassar, seier Borander.
Følger utviklinga nøye
– Det er viktig å sikre lause gjenstandar som kan blåse vekk. Med gult farevarsel kan vinden føre til stengte vegar og innstilte ferjeavgangar.
Fylkesberedskapssjef i Møre og Romsdal, Gunhild Anett Naas seier at det er ikkje aktuelt å sette inn ekstra tiltak med gult farevarsel.
Måndag morgon skal folk på arbeid. Fylkesberedskapssjefen ber folk følge godt med.
– Sjekk vegmeldingar og rekn ekstra tid til transport og køyring.
Fjellovergangar kan bli stengte
Fjellovergangar kan stenge på kort varsel, eller det kan bli innført kolonnekøyring. I Nordland kan vindkasta komme opp i sterk kuling.
Allereie frå søndag kveld aukar faren for snøfokk i fjellet i Sør-Noreg, og vinden tillét òg langs kysten på Vestlandet og nordover.
Straumselskapa er førebudde
Hos straumselskapa er dei klare på det som måtte komme.
Nils Tore Augland er kommunikasjonssjef i Glitre Nett.
Foto: Kai Stokkeland / NRK
– Vi følger vêrmeldingane nøye og kontinuerleg. Det seier kommunikasjonssjef i Glitre Nett som dekker hovudsakleg Buskerud og Agder.
– Når det er meldt farevarsel over landsdelen, varslar vi montørar og linjeryddarar i området slik at dei er budd og rykker ut på kort varsel om vi skulle få utfordringar med straumnettet.
– Tilsvarar eit oransje farevarsel at de set opp beredskapen?
– Ikkje nødvendigvis. Det kjem litt an på kor kraftig snø og kor mykje snø som kjem. Men derfor har vi montørstaben og linjeryddarar tilgjengelege på kort varsel, seier Augland.
Publisert
11.01.2026, kl. 13.13
Oppdatert
11.01.2026, kl. 15.02