Wolt og Foodora har blitt etablerte aktørar i Sandnes, og no går Foodora ut med dei mest populære kategoriane av hentemat her i byen.
Det er ikkje dei heilt store overraskingane:
1. Burger
2. Pizza
3. Asiatisk
– Det er burgeren, og spesielt cheeseburger, som tydeleg skil seg ut som ein favoritt i byen. Andre populære rettar er steikt ris med kylling og kebabrull, opplyser Prashant Søegaard i Foodora.
Søndag er den mest populære dagen å ha takeaway på. Byen sat rekord på flest bestillingar i éin månad i juni.
– Den månaden bestilte folk i Sandnes fleire ordre enn nokon gong tidlegare.
Dette var dei brukte restaurantane – i tilfeldig rekkjefølge:
- McDonalds Vågen
- Hekkan Burger Sandnes
- Burger King Sandnes
- Moon House
- Arctic Restaurant Sandnes