Ifølgje språklova har alle offentlege organ eit ansvar for å fremja nynorsk. Jorunn Simonsen Thingnes, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, og Fredrik Hope, som er konservator ved Nynorsk kultursentrum, har difor forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane, skriv nettstaden til Landssamanslutninga for nynorskkommunar.

Forskarane fann at av 117 kommunar med nynorskskular, hadde berre 39 planar for korleis kommunen skal bruka nynorsk. Dei meiner det er slåande kor lite synleg språklova er i språkbruksplanane og kor mykje talemål er nemnt samanlikna med tema som er viktige for å ta vare på skriftspråket.

– Det er òg overraskande lite om leiaransvar. Viss me ser til for eksempel NRK, så ser me kva leiarar har å seia for å få til endring for meir nynorsk, seier Hope til nettstaden.

Forskarane fann og at det er ein forskjell på planar vedtekne før og etter den nye språklova. I planar vedtekne etterpå er det fleire som har som såkalla prestisjepunkt om at dei skal fremja nynorsk. Innanfor skule og barnehage fann dei få spesifikke tiltak i språkbruksplanane.

(©NPK)