Geir Pollestad (Sp) er klar over at han ikkje er den einaste stortingsrepresentanten frå Rogaland som stiller spørsmål til helseminister Jan Christian Vestre (Ap) om det foreslåtte kuttet i sjukehustilbodet i Dalane. At også May Helen Hetland Ervik (Frp) frå Eigersund har gjort det, synest han bare er bra.
– Det er viktig at helseministeren merkar at det er brei mobilisering i dette spørsmålet, seier Pollestad.

Les også
Engasjerer seg i sykehussaken: – Noe er grunnleggende galt med finansieringen
– Resultat av føretaksmodellen
Pollestad viser til at sjukehusstruktur er eit politisk ansvar og gjer det klart at Senterpartiet forventar at helseministeren tar dette ansvaret.
– Det sentrale spørsmålet er om Arbeidarpartiet meiner det er rett å kutta i sjukehustilbodet i Dalane eller ikkje. Det går ikke an å skyva styret i Helse Vest føre seg. Det er føretaksmodellen, Arbeidarpartiet sin «baby», som gir denne typen utslag, og me ser at helseføretaka er blitt meir villige til sentralisering med Senterpartiet ute av regjering. Dette handlar om heilt grunnleggande helsetilbod som det er viktig å ha i lokalsamfunnet, påpeiker Geir Pollestad.

Les også
Helse Stavanger har store økonomiske utfordringer: Poliklinikkene på Lagård kan stå for fall
Ingen logikk
Sp-representanten ser ingen logikk i at Helse Stavanger sitt behov for å spara pengar, skal ramma pasientane i Dalane ved at dei får ein mindre trygg kvardag og lenger reiseveg.
– Det er absurd at pasientane i Dalane skal betala prisen for at det er bygt eit nytt sjukehus i regionen. På kort sikt må me redda sjukehustilbodet i Egersund, og på lengre sikt må me få gjort noko med måten sjukehusa blir finansiert på. Senterpartiet vil ha eit skilje mellom midlane til investering og midlane til aktivitet, seier han.
Viktig med kort avstand
Det skriftlege spørsmålet Vestre får frå Pollestad, lyder som følger:
– Meiner statsråden det er rett å kutta tenestetilbodet på sjukehuset på Lagård i Egersund og sentralisera tilbodet til Stavanger?
I grunngivinga for spørsmålet forklarer Pollestad at den somatisk-polikliniske aktiviteten som Helse Stavanger vurderer å kutta i Egersund og flytta til Stavanger, er tenester som mange bruker hyppig, og som det derfor er viktig at det er kort avstand til.
– Prisen er det pasientane som må betala i form av å måtta bruka mykje tid på å koma seg til Stavanger, grunngir Pollestad overfor statsråden.
Han legg til at det er ei klar forventning i Dalane at det skal merkast at det framleis er eit politisk fleirtal på Stortinget som vil ha sosial og geografisk utjamning i landet.
Les også
Slår ring om sjukehustilbudet: – Det er viktig at vi får fram det store bildet

Les også
Eier 50 prosent av bygget hver: – Regner med det blir en del av utredningen