Saka oppsummert:

  • Staten tente 362 millionar kroner på fotoboksar i 2025, ein auke på 20 millionar frå året før.
  • Oslo toppar lista med Vålerengtunnelen som mest innbringande fotoboks, med nesten 30 millionar kroner i bøter og 89 førarkortbeslag.
  • Fotoboksar har dokumentert effekt på trafikksikkerheita og kan redusere alvorlege ulukker med opptil 50 prosent.
  • Det er 448 ATK-punkt i Noreg, og fleire er planlagt i tråd med Nasjonal Transportplan 2025–2036.
  • 111 personar omkom i trafikken i 2025, ein auke på 24 frå året før, sjølv om Noreg er best i Europa på trafikksikkerheit.
  • Fotoboksar blir sett på som eit viktig tiltak, men fleire meiner at meir synleg politi og betre vegar òg er naudsynt for å auke tryggleiken.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

– Det verkar ikkje som at folk bryr seg, eigentleg.

Dagfinn Thunestvedt ser rett ned på ein av dei mest innbringende fotoboksane i landet.

På ein lang, svingete og landleg veg i Helldal på veg mot Arna i Bergen.

Her har staten har tent rundt 6,5 millionar kroner på eitt år.

– I det dei passerer boksen, gir dei gass. Det viser kor mykje respekt folk har for fotboksane, seier Thunestvedt.

– Dei burde køyrt på hovudet inn i ein til, seier han.

Dagfinn Thunestvedt Bildet viser en vei som svinger nedover mellom trær, dekket av snø. I forgrunnen sees taket på en bygning med rødt panel og noen lyslenker. En grå bil kjører på veien i bakgrunnen. Omgivelsene er typiske for vinter i et skogkledt område.

Dagfinn Thunestvedt er naboen til ein av dei mest innbringende fotoboksene i landet.

Oskar Rennedal

Oslo toppar lista

Fotoboksar over heile landet gav statskassa 362 millionar kroner i inntekter i fjor.

Det er 20 millionar kroner meir enn året før.

Samtidig hamna 550 førarkort i skuffene på ulike politikontor.

Det er naturleg nok motorvegar i Oslo som toppar lista. Vålerengatunnelen mot Drammen fekk inn rett i underkant av 30 millionar kroner i bøter.

Tunnelen sto òg for 89 førarkortbeslag.

Har effekt på trafikksikkerheita

Det er godt dokumentert at boksane har effekt på trafikksikkerheita.

– Fotoboksane er et av de beste tiltaka vi har i verktøykassa. Ved rett bruk av fotoboks, på rett plass, kan du redusere dei aller mest alvorlege ulykkene med 50 prosent, seier seksjonsleiar Hilde Halås i Statens vegvesen.

Hilde Halås Hasseløsæther

Halås er seksjonsleiar for automatisk trafikkontroll i Vegvesenet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Både fleire fotoboksar, og dødsulykker

Ifølge Vegvesenet er det 448 ATK-punkt i Noreg. De neste årene blir det sannsynlegvis langt fleire.

– I Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2025–2036 er det gitt føringar frå regjeringa og Stortinget om å ha økt aktivitet når det gjeld å etablere nye ATK-punkt, seier Halås.

I 2025 omkom 111 personar i trafikken. Det er 24 fleire enn året før.

– Vi såg dessverre ein auke i talet på omkomne i fjor, sjølv om vi er best i Europa på trafikksikkerheit, tiande året på rad.

Det er framleis uklart kva mange av dødsulykkene skuldast, det er med andre ord ikkje alltid for høg fart som alltid er forklaringa.

– Vi må likevel gjere det vi veit at fungerer. Og så må vi òg sjå på læringspunkt frå dybdeanalysene på fjorårets dødsulykker.

Har du blitt tatt av ein fotoboks?

Ja, det hender jo at det går for fort..

Nei! Reglane finst av ein grunn.

Vis resultat

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– For mange som ikkje er merksame

Det at boksane tek inn 362 millionar kroner på eitt år, er eit prov på to ting, seier pressesjef Christoffer Steen i Trygg Trafikk.

– Det eine er at det er for mange som ikkje er merksame. Hadde dei vore det, hadde dei fått med seg at her er det ein varsla fotoboks, og kunne tilpassa farten sin. Det andre er at det er strekningar der ein verkeleg treng ein fotoboks. Ikkje fordi vi treng meir pengar i statskassa, men fordi det er for mange som vel å køyra for fort, seier han.

Òg NAF tykkjer fotoboksar kan vere eit bra supplement til trafikksikkerheita, seier pressesjef, Ingunn Handagaard.

– Samtidig må ikkje fotoboksar bli ei sovepute som tar fokuset vekk frå andre viktige tiltak.

Det viktigaste er å ha meir synlege kontrollar og meir politi ute på vegane, meiner Handagaard.

I Helldal i Bergen har Thunestvedt tar gjerne i mot ein ekstra fotoboks på vegen, men har òg eitt anna forslag:

– Ny veg. Den som er der no er ikkje tilpassa trafikken som går her i dag.

En person står foran et vindu i et rom med lys innredning. Ute er det snødekte omgivelser, og en balkong er synlig. Personen har på seg en mørk genser med en cardigan over. Atmosfæren i rommet virker rolig og koselig.

– Veldig bra! Det seier Thunestvedt når han får vite kor mange bøter som blir delt ut av fotoboksnaboen hans.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Publisert

13.01.2026, kl. 20.50