– Vi må spørje oss kva Johannes skal prestere for å vinne ein pris. Det verkar brutalt.
President i Skiforbundet, Tove Moe Dyrhaug, er tydeleg overfor NRK.
Ho reagerer sterkt på at Johannes Høsflot Klæbo, som vann alt som kunne vinnast under ski-VM i Trondheim, ikkje vart tildelt ein einaste pris under Idrettsgallaen i helga.
Samstundes påpeikar ho at ho meiner dei som faktisk vann pris, var verdige vinnarar.
Klæbo var nominert til to prisar, men det var Erling Braut Haaland som vann årets mannlege utøvar, og Katrine Lunde som folket stemt fram som årets namn i 2025.
KRITISK: Avtroppande skipresident Tove Moe Dyrhaug skulle helst ha sett at Johannes Høsflot Klæbo vann ein pris under Idrettsgallaen.
Foto: Alem Zebic / NRK
Dyrhaug meiner dagens system gjer samanlikningane krevjande.
– Det blir litt samanlikning av eple og pærer. Vi er så heldige at vi nå har veldig gode utøvarar både sommar og vinter, og da bør ein kunne sjå på om kategoriane kan justerast.
Adresseavisen har også skrive om saka.
Det er ho ikkje aleine om.
Styreleiar for Idrettsgallaen, Erik Skarrud, skriv dette i ei melding til NRK:
«Vi har registrert utsegna til Tove Moe Dyrhaug, og tar innspelet med oss i det kontinuerlege arbeidet med å forbetre og utvikle idrettsgallaen. Ettersom det er eit heilt år til neste galla, er det likevel for tidleg å seie noko om kva endringar som eventuelt kan komme.»
GLASKULA: Johannes Høsflot Klæbo er ingen nykommar på Idrettsgallaen. I 2018 vann han prisen for «årets nykommar».
Foto: Geir Olsen / NTB
– Relativiserer vinteridrettane
Også NRK-ekspert Pål Golberg reagerer på at Klæbo vart ståande utan pris.
– Det verkar brutalt ut frå kva Klæbo presterte i ski-VM med seks gull av seks moglege, seier Golberg.
Han påstår at vinteridrett ofte blir relativisert i den norske prisdebatten.
– Over tid har det blitt argumentert med at vinteridrettane er små internasjonalt. Samtidig ser vi i andre land at vinterheltar blir på lik linje hylla med sommarutøvarar.
EINIG: NRKs langrennsekspert Pål Golberg støttar skipresident Tove Moe Dyrhaug.
Foto: Tommy Iversen / NRK
Golberg understrekar at Erling Braut Haaland fortent vann pris.
– Det er fullt mogleg å meine at Haaland var ein verdig vinnar, samtidig som ein set spørsmålsteikn ved at Klæbo ikkje blei heidra.
NRK har vore i kontakt med Høsflot Klæbos medierådgivar Lasse Gimnes. Han ønsker ikkje å kommentere saka.
«Han (Klæbo) er i høgaste grad inhabil i ein slik diskusjon, og så har han stor respekt for at det er mange utøvarar som med enormt sterke prestasjonar å vise til», skriv Gimnes.
Nokon fangar folket
– At Klæbo ikkje vinn nokon pris seier meir om kor Noreg er på herresida, enn at juryen er på ville vegar. Sjølv om eg personleg ville gitt «årets utøvar» til Klæbo, innleiar Jørn Sundby.
50-åringen er både fotball- og langrennskommentator for Viaplay, og har føresetnadene på plass for å meine noko om Klæbo bør kjenne seg snytt eller ei.
FLYTTAR PROBLEMET: Kommentator Jørn Sundby trur ikkje fleire prisar er vegen å gå.
Foto: Javad Parsa / NTB
Og for å ta det med éin gong: det syns ikkje Sundby at han bør.
Sjølv om:
– Det er heilt unikt i norsk idrettshistorie at å reinske ski-VM ikkje held til å ta med seg alt frå Idrettsgallaen. Men Noreg har hatt ei utruleg utvikling i sommaridrettar dei siste åra. Det er ein brutal konkurranse på herresida. For meg er Idrettsgallaen ei hyllest til toppidretten, der eigentleg alle er verdige vinnarar. Det er synd det blir sutring over dei som ikkje vinn, seier kommentatoren.
Sundby meiner det kvart år er noko som «fangar folket», og at prisane ofte speglar nettopp det.
– I 2024 var det Markus Rooths enkeltprestasjon i OL, han tok jo med seg tre prisar. I fjor var det fotballandslaget. Klæbo har nok lidd under det.
STORESLEM: Markus Rooth raska med seg heile tre prisar på Idrettsgallaen i fjor.
Foto: BILDBYRÅN
– Da kan ingen vinne igjen
TV 2-ekspert Petter Skinstad meiner på si side at utfallet av Idrettsgalla i år sender eit tydeleg signal.
– Om ikkje Klæbo skal få ein pris etter den sesongen, da kan i alle fall ingen mannleg langrennsløpar nokosinne vinne pris på Idrettsgallaen igjen, seier Skinstad.
Han meiner langrenn blir undervurdert i slike kåringar.
– Det er ei særnorsk øving å hevde at vinteridrettane våre er overvurderte. Langrenn er ein av dei største vinteridrettane i verda og ein sentral del av OL-programmet.
ENDRINGAR: TV 2-ekspert Petter Skinstad vil at endring i strukturen til Idrettsgallaen skal vurderast.
Foto: NTB
Skinstad opnar til liks med Dyrhaug opp for endringar i strukturen.
– Kanskje må ein vurdere eigne prisar for sommar- og vinteridrett, eller justere kategoriane, for å sikre at prestasjonar på dette nivået blir anerkjente.
Trøystepremie
Akkurat det meiner Viaplay-kommentator Sundby er ein dårleg ide. Han peikar på at det tidlegare var ein pris som heitte «open klasse», som skulle heidre dei som fall utanfor resten av prisane.
– Den blei tatt bort fordi han blei sett på som ein b-pris, ein trøystepremie. Ok, ein kan lage ein vintersport-premie. Men da ville ikkje ein som Jarl-Magnus Riiber, som reinska godt opp i både VM og verdscupen i kombinert, ikkje nådd opp mot langrenn og skiskyting. Det ville berre flytta problemet. Eg trur ikkje fleire prisar er vegen å gå.
VANN: Erling Braut Haaland vann to individuelle prisar.
Han legg til:
– I 2026 er det både eit vinter-OL og eit fotball-VM der Noreg kan gjere det skarpt. Eg trur ikkje det blir lettare for juryen neste år.
– Da har vi ein intervjuavtale om eit år?
– Det har vi, ler Sundby.
Publisert
12.01.2026, kl. 19.35
Oppdatert
12.01.2026, kl. 19.40