Saka samanfatta:
- Vinjar Vedde fann ein sjeldan fugl, rørdrum, død og frosen i Langevåg på Sunnmøre.
- Rørdrum er ein fugl frå hegrefamilien som vanlegvis ikkje hekkar i Noreg og sjeldan blir observert så langt nord.
- Fuglen vart dokumentert i Artsdatabanken og har vekt interesse blant både museum og fugleentusiastar.
- Naturhistorisk Museum har vist interesse for å ta imot fuglen, som kan bli ein del av samlinga deira.
- Fuglen er førebels oppbevart i ein fryseboks, og Vedde vurderer å gi den vekk til forsking eller eit museum.
- Rørdrum lever vanlegvis einsleg og trekkjer til Noreg om vinteren når områda i heimlanda blir islagde.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Måndag denne veka gjorde Vinjar Vedde på Sunnmøre eit funn utanom det vanlege.
Då han var på jobb i Langevåg på Sunnmøre ramla han nærast over den sjeldne fuglearten rørdrum, som låg død og frosen på bakken.
Vedde var ikkje heilt sikker på kva slags fugl dette var, men reagerte på at han ikkje kjende att utsjånaden.
←
Den vesle fuglen var funnen død på ein kald januardag.
Foto: Vinjar Vedde
Foto: Kenneth Strandabø
Foto: Kenneth Strandabø
→
– Eg er i utgangspunktet veldig fugleinteressert. Eg er ikkje noko ekspert, men eg har sånn toleleg kontroll på artane som er i området her.
Vedde tok fort kontakt med fagfolk for å bekrefta arten, og dokumenterte funnet i Artsdatabanken.
– Det var ein ganske stor fugl, det var cirka 130 centimeter vengespenn på han.
Sjeldan i Noreg
Rørdrum er ein fugl som høyrer til hegrefamilien. Han hekkar i Sverige, Danmark og Finland, men er ikkje påvist hekkande i Noreg.
Det vil seie at han ikkje legg og rugar egg her.
Martin Eggen er naturvernrådgjevar i Birdlife, og forklarer at fuglen har tatt turen frå eit anna land.
Martin Eggen med ein rørdrum funnen død på Lista i Agder.
Foto: Martin Eggen
– Fuglen er avhengig av fisk, så om vinteren trekkjer han vekk frå område som blir islagt. Det er særleg på hausten og vinteren han dukkar opp i Noreg.
Likevel seier han at det er uvanleg at rørdrum kjem så langt nord som på Sunnmøre.
– Det er på Sør-Vestlandet at vi har flest funn. Han blir som regel observert årleg i Noreg, men på Møre vil eg tru at det er veldig få funn.
Han forklarer at fuglen truleg har komme åleine, då rørdrummar lever einsleg.
– Dei dannar par i hekketida, men elles er det ikkje ein flokkfugl. Rørdrum vil ein som regel alltid sjå åleine utanfor hekketida.
I artsdatabanken er det per 13. januar 2026 registrert 1029 observasjonar av rørdrum i Noreg. Dei fleste observasjonane er gjort på Austlandet, Sørlandet og Sør-Vestlandet. Nord for Bergen er det færre og færre observasjonar.
Fuglen er frosen ned i påvente av ein eigar.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Vekkjer interesse
Etter funnet av den sjeldne fuglen, la Vinjar Vedde ut eit innlegg på Facebook-gruppa «ID og fugl!» med over 17.000 medlemmar.
Då var det fleire som tok kontakt for å vise interesse, mellom anna museum og privatpersonar.
Blant dei, er samlingsforvaltar Lars Erik Johannessen ved Naturhistorisk museum.
– Vi går ikkje ut og skyt og fangar dyr, men om vi kjem over allereie døde dyr så er vi interesserte om det er sjeldne artar som vi ikkje har frå før.
I samlinga ved Naturhistorisk museum har dei tre rørdrummar frå før, to av dei frå 1880-talet, og ein frå 1939, forklarer Johannessen.
←
Rørdrum presevert hos Naturhistorisk Museum i Oslo. Denne fuglen blei funnen i 1881 ved Rodalen i Agder.
Foto: Naturhistorisk museum
Rørdrum presevert hos Naturhistorisk Museum i Oslo. Denne fuglen blei funnen i 1881 ved Rodalen i Agder.
Foto: Naturhistorisk museum
Rørdrum presevert hos Naturhistorisk Museum i Oslo. Denne fuglen blei funnen i 1881 ved Rodalen i Agder.
Foto: Naturhistorisk museum
→
– Dette er eit spesielt objekt for oss, vi er opptekne av å kunne dokumentere norsk fauna i tid og område. Når ein finn noko så spektakulært som rørdrum, så er den beste måten å ivareta han på å få han inn i ei offentleg samling, seier samlingsforvaltaren.
Fuglen er førebels pakka godt inn og lagt i ein fryseboks for å bevare han best mogleg.
Vinjar Vedde har framleis ikkje bestemt seg for kven fuglen skal gå til, men ønsker ikkje å selje han for pengar.
Den vesle fuglen blir pakka inn og lagt på frys fram til han får sin nye heim.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK
– Eg vil naturlegvis gi han vekk, det er ikkje ein eigedel. Eg får sjå litt, det er mange som har meldt interesse.
Likevel hintar han om at fuglen truleg blir gitt vekk til forsking eller museum, men han har framleis ikkje gjort ein avtale med nokon.
Publisert
14.01.2026, kl. 12.08
Oppdatert
14.01.2026, kl. 13.08