La det bli gratis å parkere i Måløy, slik det er i resten av Nordfjord
I Måløy sentrum har det i fleire tiår blitt delt ut parkeringsbøter i fleng. Sakte, men sikkert gjekk Måløy frå å vere eit yrande handelssentrum til i dag å vere hjelpetrengande. Årsakene er fleire, men i Sogn og Fjordane var Måløy og Florø år etter år åleine om kreve inn parkeringsavgift og å dele ut bøter. I Nordfjord er Måløy framleis åleine om å kreve parkeringsavgift frå handlande gjester.
Kanskje var dette ein god ide på 80-talet? Men historia viser at altfor mange kundar for eksempel frå Stadt, Selje, Åheim, Fiskå, Bryggja og Bremanger (og frå Vågsøy) har vendt Gate 1 i Måløy ryggen. Framleis blir det fortalt historier om dårlege minner frå Måløyturar der bøter, automattrøbbel og parkeringsstress er gjengangar. Gamle, kjipe historier lever vidare og sjølv om vi som bur her for lengst har blitt vane med systemet, er dette ein lite gjestfri velkomst for alle, uansett ærend. Ein tur til Måløy skal helst berre skape gode minner!
I Nordfjord har plassar som Stryn, Sandane og Eid ikkje parkeringsavgift. I Måløy har det vore argumentert med at det blir kaos om folk får parkere gratis. Tenk om vi kunne opplevd litt parkeringskaos i Måløy igjen! Det hadde vore bra! Problemet i dag er at vi har ei flott gate, som nærmar seg folketom. Sjølv meiner eg Gate 1 i Måløy kanskje er den mest sjarmerande handlegata i Sogn og Fjordane. Den har urbane kvalitetar, kjempefine butikkar, kafear, restaurantar og pubar! Nærheit til båtliv og skipsleia. Alt ligg til rette.
Så no tryglar eg politikarane om å gjere det som må til for å redde gata de nettopp har brukt millionar på. Forslaget er: Å avvikle Vågsøy parkering og redusere ned til ei delt stilling som gartnar/park-ansvarleg i sytti prosent (den nye gata er full av vekstar) og parkeringsansvarleg i tretti prosent? (For å sjå til at p-plassar og parkering innanfor oppmerka områder blir passa på). Gratis parkering ALLE dagar, som fungerer i resten av Nordfjord. Utgifter såleis spart.
Så skal eg ta innspel på ideen frå kommunestyrepolitikar, Geir Oldeide (Raudt) på alvor. Han fryktar folk, som til dømes pendlar til Måløy sentrum på jobb, kan kome til å fylle opp gratis plassar langt Gate 1. I utgangspunktet er det ikkje kommunen sitt ansvar å ha parkeringsplassar til tilsette i private bedrifter, men kva om Oldeide har eit viktig poeng her? Går det an å løyse det med å lage til ein eller to store p-plassar i utkanten av gata? Kan til dømes fyllinga innanfor den nye brannstasjonen jamnast ut og bli til ein romsleg p-plass? Kan hende er bygging av p-hus ein god ide, men vil det då ikkje vere mest naturleg at p-husa i tilfelle tar parkeringssvgift mens resten av plassane ute i gata er gratis? Det må ikkje vere avgift begge stadar! Det er meir logisk at ein må betale for å stå under tak i eit p-hus, og det er automatisk og kamerastyrt, så enkelt for folk å få betalt utan å styre med å leite etter automatar som ikkje verkar osv.
Det må vere like lett å parkere i Måløy som andre plassar i Nordfjord! Vi må ønskje handlande frå andre bygder hjarteleg velkomne utan at dei skal frykte bøter eller kjenne på parkeringsstress. Det har blitt tydeleg at mange vel å handle feks på Eid, der dei kan stå gratis heile dagen mens shopping og kafeturar kan skje utan styr. Tenk om nokre av dei som før kom til Måløy, får meir lyst å komme tilbake! Kvar einaste kunde er viktig.
Om Florø vil halde fram med avgift, så ok. Det er forskjel på kundetilfanget i Florø og Måløy, og no treng dei som driv handel i Måløy all hjelp dei kan få! Eg handlar lokalt og har lenge sett at det hastar med å fjerne parkeringsavgifta i Måløy sentrum, slik at handelen der får lik konkurranse med andre plassar i Nordfjord. Det er trist å vere vitne til at kjøpmannsfamiliar i Måløy er tvinga til å avvikle og at nyare butikkane gir fort opp. Det er lenge sidan trafikkkaoset i Måløy på 80-talet. Kva skal vi med fin gate utan butikkar, bilar og folk?