«Ein manipulator». Det var orda aktor, statsadvokat Nina Grande, brukte i sin prosedyre mot ein mann i 40-åra frå Sunnhordland.
Mannen var ein godt likt og sentral person i ein kommune i Vestland.
Men ifølgje aktor hadde han under overflata utnytta si rolle i lokalsamfunnet og i familien til å gjere seg skuldig i overgrep.
Mannen i 40-åra møtte i Haugaland og Sunnhordland tingrett i midten av november i fjor, tiltalt for ei rad alvorlege seksuelle overgrep. Saka gjekk over fleire veker.
- Han var tiltalt for fleire titals sovevaldtekter av sin tidlegare sambuar gjennom ein periode på 17 år. Alt dette var filma.
- Han var tiltalt for fleire tilfelle av seksuell omgang med eit familiemedlem som var under 10 år.
- I tillegg var han tiltalt for fleire tilfelle av seksuell handling med barn under 16 år. Fleire av tilfelle skjedde medan han var trenar i eit idrettslag.
Aktor, statsadvokat Nina Grande, meinte at mannen i 40-åra var ein manipulator.
Foto: Olav Røli / NRK
Tingretten: – Planmessige valdtekter
No har Haugaland og Sunnhordland tingrett dømt han til fengsel i 9 år.
Dei har dømt han etter dei aller fleste forholda i tiltalen, bortsett frå eitt tilfelle av seksuell handling mot barn under 16 år. Dette la aktor vekk under rettssaka.
Dommen er på 59 sider.
Tiltalte har erkjent fleire av forholda, mellom anna fleire av sovevaldtektene og fleire av dei seksuelle handlingane mot barn under 16 år.
«Valdtektene ber preg av å vera planmessige», skriv retten.
Men han nekta straffskuld for seksuell omgang med barn under ti år. Her vart han ikkje trudd av retten, som mellom anna skriv at han utnytta eit forhold som skulle ha vore trygt.
Aktor sin påstand var ni års fengsel.
Advokat Ben Einar Grindhaug, som forsvarar mannen, seier dei vil anka delen av dommen som går på seksuell omgang med barn under 10 år.
– Her meiner me retten ikkje har praktisert beviskravet slik det skal vera, seier han.
Han avventer å kommentera resten av dommen.
Bistandsadvokat: Håpar dommen vert ståande
I tillegg til fengselsstraff er mannen dømt til å betala over 1,5 millionar i samla erstatning til ofra.
Den største erstatningssummen er til sin tidlegare sambuar, som er tilkjent over éin million kroner.
Jenta som vart utsett for overgrep då ho var under 10 år er tilkjent 300.000 kroner i erstatning.
Også dei andre fornærma i saka er tilkjent erstatning.
– Min klient opplever ein lette no når rettsprosessen er over. Og eg håpar og trur at dommen frå tingretten vert ståande, seier Einar Drægebø, bistandsadvokat for den tidlegare sambuaren, og legg til:
– Det er å håpa, både for min klient, men også for heile familie, at saka kan verta avslutta med dette slik at det er mogleg å komma seg vidare i livet.
Advokat Einar Drægebø er bistandsadvokat for den tidlegare sambuaren til tiltalte. Han seier det på mange måtar har vore bra for kvinna å forklara seg i trygge rammer i retten. Men at dei no håpar dommen ikkje vert anka.
Foto: Olav Røli / NRK
Jente i barnehage sa stopp
Den spesielle saka starta med at ei jente i barnehagen opplevde at mannen gjorde ting han ikkje hadde lov til.
Jenta varsla mora, som igjen varsla barnevernet.
Det enda med politisak, og mannen vart sikta.
Dermed kunne politiet ransaka mannen sin bustad, og der gjorde dei fleire interessante funn.
For på mannen sine digitale einingar fann dei ein rad filmar som viste at mannen hadde seksuell omgang med sin tidlegare sambuar.
Filmane viste at medan kvinna sov, utførte mannen seksuelle handlingar på ho. Han førte også inn fleire gjenstandar.
Til saman var det filma gjennom ein periode på 17 år, og det var om lag 5 timar med videomateriale.
Videoane vart vist bak lukka dører i retten. Heller ikkje pressa fekk vera til stades. Retten viste til at videoane var svært private og krenkande for kvinna.
– Ho fekk sjokk då ho fekk høyra at desse filmane fanst, sa Drægebø i retten.
Haugaland og Sunnhordland tingrett lukka dørene då dei mange timane med video av sovevaldtektene vart vist. Innhaldet var av svært privat og krenkande karakter.
Foto: Olav Røli / NRK
Bad om orsaking i retten
Tiltalte forklarte i retten at han ikkje viste det var ulovleg å ha sex med sin eigen sambuar når ho sov.
At han hadde gjort det forklarte han med seksuell frustrasjon, og at han ville ha noko å sjå på.
Videoane var ikkje delt med andre.
Samstundes bad han om orsaking for det han hadde gjort mot den tidlegare sambuaren.
– Dette er det verste eg har gjort mot eit menneske i heile mitt liv. At ho skal sitja her og sjå gjennom desse filmane. Hadde eg kunna tilstått alt for å sleppa å sitja her, så hadde eg gjort det, sa han i si forklaring.
I starten av saka så innrømma ikkje tiltalte nokon ting. Men utover i rettssaka erkjende han fleire og fleire forhold.
– Han erkjenner ting når han skjønner at det er bevis mot han, sa aktor Grande, som meinte at erkjenningane hadde avgrensa verdi når det gjeld strafferabatt.
NRK har førebels ikkje lukkast med å få kommentar frå mannen sin forsvarar, advokat Ben Einar Grindhaug.
Advokat Ben Einar Grindhaug var forsvarar for mannen i 40-åra. Han meinte at ein passande straff var 7 års fengsel.
Foto: Eli Bjelland / NRK
Publisert
14.01.2026, kl. 12.12
Oppdatert
14.01.2026, kl. 14.52