Onsdag rykte brannvesenet ut for å sløkkje ein terrengbrann ved Øysenteret på Valderøya.
Årsaka til brannen skal vere fyrverkeri.
Også tysdag kveld rykte naudetatane ut til ein terrengbrann, nær Vigra kyrkje. Politiet mistenkte også då at fyrverkeri hadde starta brannen.
Ina Sandnes bur på Valderøya og var ute på tur i nærområdet sitt med dei tre hundane sine då det small høgt frå det som høyrdest ut som fyrverkeri. Etterpå lukta det kruttrøyk, fortel ho.
– Kvart år opplever vi som bur på Valderøya at det smeller med fyrverkeri jamt og trutt i januar. Og kvar gong vert hundane vettskremde på grunn av slik uvettig bruk av fyrverkeri. Det er fortvilande å sjå korleis smella påverkar hundane.
Det same skjedde også dagen før, på nøyaktig same tidspunkt, like før klokka 11.00, seier Sandnes.
– Eg har meldt frå om hendingane både til rektor ved Giske ungdomsskule og til politiet. Det må bli slutt på dette no. Fyrverkeri står allereie bak fleire brannar – kva kan i verste fall skje neste gong? Og kvar gong det smell, blir hundane livredde. Det er rett og slett fælt å oppleve.