Ein personbil og ein buss var involvert i ei møteulykke på E134 i Ullensvang i Vestland fredag ettermiddag.
– Det er opplyst om fire personar i bussen, alle desse hevdar seg uskadd, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannesen i Vest politidistrikt.
Det var tre personar i personbilen. Ein av desse er sendt til Haukeland med luftambulanse, medan dei to andre blir frakta til sjukehus av vanleg ambulanse.
Alle tre var vakne og oppegåande, melde politiet klokka 13.14.
Store materielle skader
110 Vest blei varsla om hendinga klokka 12.54.
– Me fekk ein e-call frå ein av bilane, like etterpå fekk me trippelvarsling, seier vaktleiar Jostein Steinsland-Hauge i 110 Vest.
Han seier det er store materielle skader på både personbil og buss.
Men det ser ikkje ut til å vere fare for brann.
– Me har målt temperatur på begge køyretøya, utan store utslag, seier han.
Den involverte bussen skal vere ein elektrisk buss.
– Me har kopla ut straumen på driftsbatteria så ikkje bussen skal begynne å køyre av seg sjølv, seier Steinsland-Hauge.
Tide stadfestar at det er ein av deira bussar som har vore involvert i ulukka.
– Per no jobbar me med å hjelpe naudetatane og få oversikt, seier pressekontakt Harald Hella.
Brannvesenet melde om store materielle skader på begge køyretøya. Ingen av bilane på bildet var involvert i ulykka.
Foto: Tale Hauso / NRK
Vegen kan bli stengt
Ulykka har skjedd på E134 ved Grastjørn, sør for Skare i Ullensvang.
Vegtrafikksentralen Vest melder at vegen kan bli stengd i periodar.
– Vegen er ikkje stengt, men det er fare for stenging, seier trafikkoperatør Jørgen Bødtker.
NRKs reporter på staden melder at det har begynt å danne seg litt kø på staden. Det er slapseføre og glatt. Desse bilane står i kø, og var ikkje involvert i ulykka.
Foto: Tale Hauso / NRK
Politiet sin innsatsleiar på staden Vidar Litle-Karlsøy seier det er veldig glatt i området.
– Det er akkurat på frysepunktet, og det er typisk veldig farleg, seier han.
– Det er ein sørpete «slush», som fort tar styring på dekka, legg han til, og oppmodar trafikantar til å følge trafikkmeldingar på radio.
E134 har vore stengt litt lenger sør, ved Korlevoll, på grunn av berging av eit vogntog.
Bergingsbilen er no ferdig med det oppdraget og har kome til ulykkesstaden, melder NRKs reporter på staden klokka 15.10.
Publisert
16.01.2026, kl. 13.38
Oppdatert
16.01.2026, kl. 15.46