Fredag kveld er det vanskelege køyreforhold fleire stader i Innlandet og Trøndelag.
På fylkesveg 715 i Leksvik i Trøndelag har opp mot 20 bilar køyrd av vegen. Skadestaden strekk seg cirka 150 meter, skriv politiet.
– Det starta med fire bilar, så vart det åtte, deretter fjorten, og no er det om lag tjue bilar som er involvert i denne hendinga, seier trafikkoperatør Stian Gullvåg ved Vegtrafikksentralen midt.
Ingen personar skal vere alvorleg skadd, ifølgje politiet.
Det skal vere svært glatt på staden.
– Det er ei strekning på cirka 150 meter ved Storvatnet som er spesielt glatt. Vi har entreprenør på staden no, seier trafikkoperatøren.
Det kjem til å vere redusert framkomst på staden ei stund til, då det er mange bilar som må bergast.
Innlandet: – Svært glatt
Dei same utfordringane har ein også i Innlandet.
Politiet i Innlandet har fått inn mange meldingar om bilar og lastebilar som sklir av vegane, lastebilar som står fast, og trafikkork som følgje av dette.
– Vegane i Innlandet er svært glatte mange stader, skriv operasjonsleiar Bård Einar Hoft i politiloggen.
Skal du ut i trafikken fredag kveld, er oppfordringa frå politiet å køyre varsamt.
Foto: Ruth Barsten / NRK
Meldingane kjem frå heile fylket.
– Vi oppfordrar bilistar til å køyre varsamt, skriv Hoft.
Riksveg 3 stengt
Trafikkoperatør Trude Lindstad ved Vegtrafikksentralen stadfestar at det er utfordrande for trafikantane i Innlandet i kveld.
– Særleg på rv. 3 mellom Elverum og Rena er det veldig, veldig glatt, seier Lindstad.
Dei har fått mange meldingar frå denne konkrete strekninga om at det er fleire vogntog og personbilar som har køyrd av vegen.
– Det er ei veldig krevjande strekke no. Entreprenøren er ute no og legg på fastsand, så får vi håpe det betrar føreforholda.
Like før klokka 20.30 melder Vegtrafikksentralen at riksveg 3 no er stengt.
Det er også meldt om utfordrande køyreforhold på rv. 25 mellom Elverum og Trysil, og på fleire vegar på Toten.
Lang kø etter ulykke i Hallingdal
På rv. 7 ved Flå i Buskerud kolliderte ein personbil og ein lastebil fredag kveld.
Ulykka skal ha skjedd i låg fart, og det er ikkje meldt om alvorlege personskadar.
Også her skal det ha vore svært glatt. Ifølgje politiet er det lang kø i begge retningar.
– Tungbergar er på veg. Det er mykje frustrasjon frå bilistar som står i stilleståande kø, skriv operasjonsleiar Tom Richard Skuggedal i politiloggen.
Publisert
16.01.2026, kl. 19.29
Oppdatert
16.01.2026, kl. 20.35