Saka oppsummert:

– Regjeringa ønskjer å redusere talet på kommunar, men vil unngå tvang og heller bruke insentiv.
– Kommunekommisjonen peikar på at større kommunar kan ha betre føresetnader for effektivitet, men understrekar at stort ikkje alltid er betre.
– Førebels forsking viser både fordelar og ulemper ved stordrift.
– Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner små kommunar gir betre tenester og mindre byråkrati.
– Ein oppdatert rapport om effektane av kommunesamanslåingar er venta i februar.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Ei veke etter at Høgre tok til orde for å teikne kommunegrensene på ny – om nødvendig med tvang – seier kommunalminister Bjørnar Skjæran at mange kommunar er i ferd med å finne saman på eiga hand.

Til NTB seier han at regjeringa er i dialog med fleire kommunar som «tar nabopraten»:

– Eg er ganske sikker på at det kjem til å bli færre kommunar. I mange tilfelle vil det vere bra for kommunane, seier han.

Han presiserer at regjeringa vil bruke gulrøter for å stimulere til fleire «ekteskap» mellom kommunane, og at «t-ordet» (tvang) ikkje kjem på tale.

– Vi har ikkje tru på tvangsekteskap, heller ikkje i kommunesamanheng.

Oversiktsbilete av Volda sentrum på vinterstid. Det er snø på hustaka og i fjellet. Biletet er tatt med drone frå sjøsida, og er sett saman av 12 bilde. Bilferga Ullensvang ligg ved kai.

– Vi må vere modigare. Alle veit at færre kommunar er vegen å gå, men politikarane må våge å seie det høgt, seier Nikolai Astrup (H). På bilete: Volda sentrum.

Foto: NRK Luftfoto

Støre: – Ikkje sånn at stort alltid er betre

Ifølge Kommunekommisjonen, som la fram sin første rapport førre veke, er norske kommunar i ferd med å knele under vekta av oppgåver, rapporteringskrav og auka kostnader.

Kommisjonen styrte unna den betente debatten om samanslåing, men la til at «større organisasjonar jamt over vil ha betre føresetnader for å drive godt omstillingsarbeid».

Statsminister Jonas Gahr Støre kvitterte med at «det er ikkje sånn at stort alltid er betre», men sa også at det var naturleg at «strukturar endrar seg i eit samfunn der teknologi endrar seg og befolkninga endrar seg».

Sylvi Listhaug og Jonas Gahr Støre i politisk kvarter på NRK Marienlyst.

– Vi har sett det innanfor helsevesenet. Vi har ikkje den same sjukehusstrukturen i dag som vi hadde for 50 år sidan, og det gjeld også for andre måtar vi organiserer samfunnet på, seier Jonas Gahr Støre.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Fordelar og ulemper ved stordrift

Under Solberg-regjeringa blei talet på kommunar redusert frå 428 til 356 (357).

Alexander Berg Erichsen er universitetslektor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Innlandet.

Under Lokalsamfunnskonferansen på Gardermoen denne veka tok han til orde for ei samla evaluering av kva reformane har betydd for tenestetilbodet i norske kommunar – både dei som har funne saman i større einingar, og dei som ikkje har gjort det.

Bakgrunnen er at den førebelse forskinga spriker i ulike retningar.

På den eine sida er det haldepunkt for «stordriftsfordelane» ved å slå saman kommunar.

Ifølge regjeringa har andelen administrativt tilsette i samanslåtte kommunar gått ned dei siste åra.

På den andre sida er det teikn til at større einingar kan føre til lengre avgjerdsvegar og meir byråkrati – det såkalla «sentraliseringsparadokset».

  • Trygve Slagsvold Vedum med hvitt hode

    Stian Lysberg Solum / NTB

    Trygve Slagsvold Vedum, Sp-leiar

    Høgre og Ap snakkar stadig meir varmt om å slå saman kommunar. Det dei ikkje snakkar om er at samanslåingar ofte fører til at lokalsamfunn mistar barnehagar, skolar og sjukeheimar. Gong på gong ser vi at tenester blir sentraliserte bort frå dei gamle kommunane til det nye kommunesenteret, utan at den nye kommunen gir nokon effektiviseringsfordelar. Innpakninga er endra, men innhaldet er det same.

  • Trond Erik Lunder, Telemarksforsking

    Telemarksforsking

    Trond Erik Lunder, Telemarksforsking

    Over tid kan det nok ha blitt meir fokus på styrkt fagmiljø enn på økonomiske stordriftsfordelar som argument for samanslåing. Det har også noko å gjere med kva kommunar som slo seg saman. Slår du saman tre kommunar med 3000 innbyggarar kvar, bør det gi stordriftsfordelar. Men dei samanslåingane har det ikkje blitt så mange av.

  • Forsker i Trondheim

    Morten Andersen / NRK

    Jostein Brobakk, Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking

    Diskusjonen om samanslåing handlar framleis om forholdet mellom stordriftsfordelar versus smådriftsfordelar. Store kommunar har ofte betre kjøpekraft, større fagmiljø og lettare for å rekruttere fagfolk og spesialkompetanse. Mindre kommunar har ofte meir tilfredse innbyggarar, kort veg mellom befolkninga og politikarane, og lågare administrasjonskostnader.

  • Helge Eide

    Benyamin Farnam / NRK

    Helge Eide, KS-leiar

    Det er først og fremst behovet for robustheit i tenestetilbodet og mindre sårbarheit for personellmangel – altså implisitt kvalitet – som har vore peika på som motiv i dei prosessane vi har hatt bak oss, og også i analysen frå Generalistkommuneutvalet av føresetnadene for å innfri generalistkommuneprinsippet.

Vedum: – Store system gjer menneska små

– Analysane våre viser at det er ein tendens til at kommunar med fleire innbyggarar er meir effektive, og at dei bruker mindre ressursar på å yte same tenestenivå, seier Mads Fjeld Wold ved NTNU Samfunnsforskning.

Han legg til at dei jobbar med ein oppdatert rapport «med litt meir utdjupande analysar», som kjem i februar.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum treng ikkje vente på nokon rapport.

– Store system gjer menneska små, seier han.

– Erfaringane frå kommunesamanslåingane tyder på at samanslåingar verken fører til at folk får betre tenester eller at det blir mindre byråkrati.

Han legg til:

– Tvert imot så er små kommunar gode på å bruke smådriftsfordelane til å la innbyggarane nyte godt av mindre byråkrati og god lokalkunnskap.

Et vinterbilde viser en snødekt by med små hus i ulike farger, plassert langs en bukt. I front er det flere bygninger ved vannkanten, inkludert en moderne struktur. Fjell omkranser området, og flere biler står parkerte på veien. En liten gruppe mennesker kan sees på en islagt bane i den nedre delen av bildet.

Det er 357 kommunar i Noreg i dag. I tillegg til å vere tenesteleverandørar, er dei demokratiske arenaer og identitetsmarkørar.

Foto: Ola Helness / NRK

Publisert

17.01.2026, kl. 08.57