«Espen Lind fyller bussen med musikarar i absolutt toppklasse og set nasen mot Kvinnherad. Han er førstemann ut på fredagen, og skrur umiddelbart opp sommarlyden på Dønhaug. Nytt og gammalt, frå skjerm og radio. Internasjonale hits, tv-hits, radiohits,- jepp, duden har kofferten full av knask. Ein av Noreg sine mest respekterte artistar er attende i manesjen!» står det i pressemeldinga frå Daidalos Dahle og Festidalen.

Og vidare:

«Etter gjennombrotet med «When Susannah Cries» har han flydd heilt der oppe bland dei største stjernene. Frå TV og teater til å skriva låtar for Beyoncé og Taylor Swift. Karrierener rett og slett makalaus i nasjonal historie!»