FrP prioriterer tjenester til innbyggjarane, ikkje unødvendig byråkrati.
Når fylkeskommunen med AP og Høgre i Innlandet la ned fleire vidaregåande skular, mobiliserte folket i Gudbrandsdalen.
Lom vidaregåande skule vart privatskule, der næringslivet, folket og kommunane sikra økonomien for dette.
Her i fylket er no fleire vidaregåande skular i faresonen, etter at fylkeskommunedirektøren – med sterk bakgrunn frå Høgre – også i dette fylket ynskjer nedlegging av distriktsskulane.
Det er rimeleg kjent at både AP og Høgre, som i Innlandet, også her i fylket ynskjer nedlegging av skular. AP med støtte frå Høgre, men også frå SP, la faktisk ned Vanylven vidaregåande skule i 2020. I tillegg kutta dei fire YSK-linjer og to linjer for internasjonalt arbeid.
Men kva bygger denne iveren etter nedlegging på?
Dei kommande åra veks faktisk elevtalet her i fylket, men minkar framover mot 2040.
Den største nedgangen i elevtalet skjer ikkje i distrikta, men faktisk i byane. Det logiske blir då sjølvsagt å justere klasseantallet der, og ikkje legge ned einsidig skular i distrikta.
Ved å gjere dette rammes ikkje elevane. Dei som bur i by får gå på skule der om dei ynskjer, og dei som bur i distrikta slepp å flytte på hybel.
Alle vinn på dette!
FrP vil legge ned fylkeskommunen – ei fylkeskommune som helst vil kutte i viktige tjenester for innbyggjarane og næringslivet, slik som vidaregåande skular, ferjedrift, vegbygging, asfalt og næringsutvikling.
Ved ei nedlegging av fylkeskommunen vil dette medføre kraftig styrking av kommunane, også distriktskommunar, og frigi milliardar frå byråkrati til tenesteyting.
Stranda eller Tingvoll kommune vil få enda eit bein å stå på, ved at dei vidaregåande skulane blir tilført kommunen som driftsansvarleg – sjølvsagt også inntektene frå staten. Skuleinntak og samordningsoppgåver blir direktoratet og departementet sitt ansvar, eller lagt til større byar som kan få dette som regionalt ansvar.
I dag er Stranda og Tingvoll kommune sin største trussel åpenbart fylkeskommunen, ved sitt forslag om nedleggingar av dei to vidaregåande skulane i desse distriktskommunane. Ei nedlegging ville fått svært store negative konsekvensar for både folket og næringslivet der.
FrP prioriterer tenestene til folket og næringslivet – ikkje byråkratiet på fylkeshuset!