I 18-tida tysdag ettermiddag melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt om to pågåande redningsoperasjonar i distriktet.

Den eine i Bergsdalen i Dalekvam, der eit turfølge med ein eller fleire personar hadde gått seg fast og meldte behov for hjelp. Det vart sendt redningshelikopter til staden, og var meldt å vere eit område med dårleg dekning.

Treng hjelp til å komme seg ned

Politiet melder også at det er dårleg dekning og uklare omstende rundt tysdagens andre redningsaksjon; i Øvre Mjølkedalen i Breheimen i Luster.

Der har eit turfølgje meldt at ein person er skadd og treng hjelp til å komme seg ned.

Frivillig mannskap er kalla ut, og politiet er sendt mot staden.

Oppdatering frå politiet klokka 20: Omstendene er framleis uklare. Det er ikkje flyvêr for luftambulanse, så helikopteret måtte snu. Frivilleg mannskap er på veg.

Fall frå bru i Aurland

Desse to hendingane er elles ikkje dei einaste av denne arten tysdag. Tidlegare på dagen vart ambulansehelikopter og naudetatane sendt til Aurland etter meldingar om at ei kvinne fall frå ei bru og ned i ein foss.

Les meir om: artikkelemnene