Klokka 14.15 vart det meldt om ei trafikkulukke på E16 i Nærøydalen ved Stalheimsøyni og avkøyringa til Jordalen.

– Det skal vera fire bilar involvert i ulukka med totalt 8 vaksne og 2 barn, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt.

– Det er opplyst at airbagar er utløyst i fleire bilar.

Klokka 14.47 er politiet komne til staden, men Dahl-Michelsen har ikkje fleire opplysningar om dei involverte.

Brannvesen frå Voss, Vossestrand og Aurland, opplyser vakthavande ved 110 Vest ved 14.30-tida.

Klokka 15.13 melder politiet at det ikkje var behov for luftambulansane, og at dei har returnert utan pasientar.

Det er forøvrig behov for bilbergar til fire bilar.

I 16-tida opna vegen att for trafikk.

Les meir om: artikkelemnene