Lenovo Legion Go 2 skal lanserast i nær framtid.
Forgjengaren var ein litt meir eksperimentell handkonsoll enn Steam Deck og Asus ROG Ally, og den nye utgåva ser ut til å gå i same spor.
Lenovo har bestemt seg å justere ned skjermoppløysinga frå førstegenerasjonens 2560×1600 til 1920×1200.
Den nye konsollen får ein 8,8-tommar OLED-skjerm med variabel oppdateringsfrekvens mellom 30 og 144 hertz, som har lysstyrke på 500 nits og støtte for HDR.
Dyr moro
Konsollen vil kome i fire ulike modellar, melder The Verge.
I USA er basismodellen til 1100 dollar utstyrt med ein AMD Z2-prosessor, 16 GB RAM og 1 TB lagring. Dei norske prisane er ikkje klare enno.
For 1200 dollar kjem konsollen med 32 GB RAM, og til 1350 dollar kan ein få konsollen med den litt kraftigare AMD Z2 Extreme-prosessoren.
Den aller dyraste modellen har 2 TB lagring, som kostar saftige 1480 dollar. Lenovo skriv at konsollen er utstyrt med «opptil» ein AMD Radeon 890M som integrert skjermeining.
Batteriet skal ha 50 prosent høgare kapasitet enn forgjengaren.
Ikkje SteamOS
Veslebroren Lenovo Legion Go S kjem med SteamOs, men denne er basert på Windows 11.
Kontrollarane skal vere meir ergonomiske enn på førstegenerasjonen.