Johannes Heien sette sin andre strake løyperekord då han sprang seg til topps i fjorårets utgåve av Erslandsvatnet rundt.

Eit løp som startar ved Skarveland skule og som går i den oppgraderte løypa rundt Erslandsvatnet på Sandvoll. I år går løpet av stabelen søndag 21. september, så står det att å sjå om nokon kan tufta Johannes Heien i år, eller om det kanskje blir nok ein løyperekord på den spreke læraren frå Utåker.

Idrettslaget Ternen ønskjer i alle fall både liten og stor til arrangementet.

– Me håpar folk i alle aldrar tek turen, og bidreg til eit flott arrangement i den oppgraderte løypa rundt vatnet. IL Ternen ønskjer å retta ei stor takk til eldsjelene som framleis legg ned mykje arbeid for at både små og store skal få gleda av ein fin trasé rundt vatnet. Traseen vert betre og betre for kvart år, noko me i idrettslaget og aktive brukarar set stor pris på, skeiv Julie H. Askeland på vegner av IL Ternen.

I tillegg til trim- og konkurranseklasse, er det også eigen turklasse for dei som vil gå.

– Me lovar ulike aktivitetar undervegs på turen, turkafé og gevinstar på startnummer. Me gler oss og ser fram til liv og røre langs Erslandsvatnet og i Erslandsparken, skriv Askeland.

Deltakarane i konkurranseklassen klare til start. Laurdag gjekk Erslandsvatnet rundt 2024 av stabelen, med 23 deltakarar i konkurranseklassen.

POPULÆRT: 23 sprekingar stilte til start i skodda i fjor.
Foto: IL Ternen / Arkiv

Les meir om: artikkelemnene