Ein porselensfigur av ein bakar og ein gammal barkrakk i treverk er det einaste som har fått vera med vidare frå dei gamle lokala til bakeriet Kringlo.
Det som i fleire tiår har vore ein institusjon i Vangsgata, er no blitt forvandla til ein matbar midt i sentrum.
Golvbelegget er fjerna, taket er måla raudt og midt i lokalet er ein stor kolgrill i murstein kome på plass.

Restaurantsjef på Glo Matbar, Cihangir Kaygisiz.
Foto: Tonje Oliversen
– Eg har gjort mesteparten av oppussinga sjølv. Eg brukte tolv dagar på å finna det originale golvet under golvbelegget, seier restaurantsjef Cihangir Kaygisiz.
Terje Eide, faren til dagleg leiar for Glo matbar Lars Eide, har også bidratt mykje i oppussinga, legg Lars til.
Beste frå to verder
Heilt sidan Lars Eide og Careem Bin Yusoff opna baren Skrot i 2018 har dei hatt lyst til å opna ein ny serveringsstad.
Det skulle likevel ta åtte år før det klaffa med både eit eigna lokale og samarbeidspartnar.
Dei møtte Cihangir frå Belgia då han jobba som kokk ved restauranten på Hangurstoppen, og ved Tre Brør.
Dei tre byrja å sjå på moglegheitene for å opna noko saman.
– Me måtte kombinera det me kunne; bar og mat, ler Lars.

Dei gamle lokala til Kringlo er nesten ikkje til å kjenna att.
Foto: Careem Bin Yusoff
Nye venner på matbar
I motsetnad til andre tradisjonelle matstover på Voss, er eit langbord plassert midt i lokalet.
Ein kan også sitja ved baren å kikka på kokken, eller ved eit av dei mindre borda.
– Om du sit ved eige bord, snakkar du berre med dei du kjenner. Sit du ved langbordet kan du blir kjent med nye folk, seier Lars.
Trioen ynskjer å ta med seg den avslappa og sosiale stemninga ein finn på ein bar, inn i deira nye konsept.
Derfor vil dei ikkje kalla matbaren for ein restaurant.
– Du kan koma berre for ein øl eller ein dessert, du må ikkje eta tre rettar.

– Eg trur folk vil forstå konseptet og lika det. Det passar både for vossingane og turistar, seier Careem Bin Yusoff.
Foto: Tonje Oliversen
Kjøper heile dyr
Er du typen som sver til kol når du grillar, og som gremmast av nymoderne gassgrillar, kan Glo matbar vera staden for deg.
Den raude tråden her er nemleg grill.

Biff frå Selheim.
Foto: Careem Bin Yusoff
– Det er bistro-inspirert mat, med smakar frå forskjellige delar av verda. Menyen vil endra seg relativt ofte, og me vil testa ut ulike ting.
Så langt det er mogleg, ynskjer drivarane å nytta seg av lokale råvarer.
– No har me kjøpt eit heilt dyr frå Selheim, og pølse frå Smalahovetunet, trekkjer restaurantsjefen fram.

Denne vesle karen frå Kringlo fylgjer spent med på utviklinga hjå Glo matbar.
Foto: Tonje Oliversen
Opna dørene
Har du kome heim frå ferie og spasert nedover Vangsgata, har du kanskje fått med deg at matbaren har opna dørene.
Her er sju tilsette i sving, som alle bur i vossaområdet.
Drivarane gjekk for ein «soft opening», for å testa at alt gjekk som det skulle.
– Me har fått veldig gode tilbakemeldingar. Me ynskjer å takka alle som kom under opningsveka. No er me klare for at det skal vera hektisk kvar dag!
.jpg)
Les også
Nektar å verta pensjonist: – Eg fekk panikk

Les også
Har utsett opning fleire gonger: – Kjedeleg og dyr start
Les også
Driv to butikkar i Bergen, no kjem dei til Vangen: – Me har mykje å gjera