• Sp har hatt ein dramatisk nedgang i oppslutnad i fleire kommunar og fylke — mellom anna i Luster og Karasjok med ein nedgang på 17 og 30 prosentpoeng.
  • Ordførar Andreas Wiese meiner det var et feilsteg å forlate regjeringa, og at kommunikasjonen med veljarane har vore svak.
  • Fleire Sp-politikarar er misnøgde og kritiske til mangel på synlegheit og for svak valkamp.
  • Partileiar Vedum, fortel at Sp set i gang eit evalueringsarbeid for å finne årsakene til det dårlege valet.

Vis mer

Ordførar Andreas Wiese (Sp) er ein av mange i partiet som framleis er i ein slags tilstand av vonbrot og avmakt etter valet.

Han er van med at Sp er størst. I kommunevalet i 2019 oppnådde Sp over 50 prosent av røystene i Luster. Sidan har det gått nedover, men framleis med Sp som største parti i den velståande kraftkommunen, fjellkommunen og turistkommunen der kronprins Haakon nyleg opna DNT si staselege hytte på Tungestølen.

På valvaker landet rundt fekk Sp-folk sjokk. Ikkje minst i Karasjok. Der stupte Sp med elleville 30 prosentpoeng til 9 prosent. Meir om det seinare i saka.

I Luster inst i Sognefjorden opplevde trauste bønder og Sp-røystarar at Arbeidarpartiet brått var størst. Ordføraren likar det ikkje i det heile.

Han meiner det var eit feilsteg å forlate regjeringa.

FJELLKOMMUNE: Ordføraren likar å gå i fjellet. Luster har både Hurrungane og Store Skagastølstind som ein del av kommunen.  Foto: PrivatFJELLKOMMUNE: Ordføraren likar å gå i fjellet. Luster har både Hurrungane og Store Skagastølstind som ein del av kommunen. Foto: Privat

— Eg meinte det var eit feiltrinn då det skjedde, og eg meiner det same no. Eg var redd for at vi skulle hamne i skuggen og at me uansett ville tene på å vere med i regjering. Ikkje fordi eg var spesielt framsynt. Men fordi eg meiner at Sp klarte seg bra og fekk mykje til i regjeringa, og dessutan hadde mange på Stortinget. Men eg overskya ikkje at me skulle søkke så djupt i valet då, seier Wiese.

— Og så hadde de kanskje unngått at Jens Stoltenberg kom med i regjeringa?

— Ja, ha-ha! Det har du rett i. Men det hadde blitt ein heilt annan dynamikk dersom Ap/Sp-regjeringa hadde halde fram. Ingen kunne vite at Jens kom inn og effekten av det — før vi gjekk ut.

ETTER STUPET: Ja, det er faktisk partileiar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i Mjøsa etter eit stup frå det vidgjetne stupetårnet på Hamar i sommar.  Foto: Oscar Strøm Korsnes / VGETTER STUPET: Ja, det er faktisk partileiar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i Mjøsa etter eit stup frå det vidgjetne stupetårnet på Hamar i sommar. Foto: Oscar Strøm Korsnes / VG

— 5,6 prosent, og 19 av 28 Sp-representantar blir kasta ut av Stortinget. Kven har ansvaret?

— Nei, altså, me er jo kollektivt ansvarlege. Og så er det sjølvsagt dei som er valde til dei sentrale posisjonane som har eit større ansvar. Totalt sett så er det veljarane som bestemmer, minner han om.

Men han er ikkje blant dei som vil fjerne Vedumen. Han trur botnen er nådd, og at Trygve frå Ilseng er rett mann til å reise kjerringa.

Forstår det ikkje

— Vi har ikkje nådd fram med bodskapen vår. Så skal det også seiast at me hadde eit eksepsjonelt bra val sist gong. Det var ikkje noko overrasking at me gjekk ned. Men eg må seie at eg er bestyrta over at såpass mange har vandra frå Senterpartiet til Frp, seier Wiese.

— Og då er det noko som manglar i måten me kommuniserer på, tenkjer eg.

ETTER STUPET: Per Olaf Lundteigen brukar gjerne fakter og kroppsspråk når han snakkar. Han er ikkje nøgd med stoda i Senterpartiet.  Foto: Tore Kristiansen / VGETTER STUPET: Per Olaf Lundteigen brukar gjerne fakter og kroppsspråk når han snakkar. Han er ikkje nøgd med stoda i Senterpartiet. Foto: Tore Kristiansen / VG

— I eit VG-intervju med Sp-veteran Per Olaf Lundteigen — kallar han politikken til Sp for omtrentleg. Kva tenkjer du om det?

— Eg tenker at det har nok Lundteigen rett i. Me var for seint ute med våre saker i valkampen. Det var uklart kva som var Sp sin inngang til dette valet. Men dette skal vi vel analysere nøye no framover.

Byguten som vart geitebonde

— Kunne Sp ha vore tydelegare mot høge straumprisar og ulike prisområde på straum?

— Ja, det tenkjer eg me kunne ha vore. Det er ei sak som opptek mange. Folk ventar at ein i Noreg ikkje treng å bli fakturert så inderleg med ein straumpris i eit land som har so mykje grøn energi. Der har me gleppa litt. So har me ikkje vore flinke nok til å syne fram dei sigrane me trass alt har hatt i regjeringa.

— No har Ap større oppslutnad enn dykk i Luster. Er Sp sitt utstillingsvindauge knust?

— Nei, det er so visst ikkje knust. Me er i høgste grad framleis utstillingsvindauget til Senterpartiet. Me evnar å ha vekst, folk får ungar og tilflyttarar kjem hit, svarar Andreas Wiese.

Sjølv er han eit levande døme på denne veksten — som bygut frå Bergen som vart geite- og sauebonde på Skjolden — i kombinasjon med å bli ordførar for Senterpartiet etter ordførarkjempa Ivar Kvalen.

Vedum: — Fekk gjort mykje

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum vel å fokusere på at Luster-ordføraren meiner Sp fekk til så mykje i regjering at partiet burde ha halde fram der.

— Eg er heilt samd med Andreas i at Sp fekk gjort mykje i regjering. Mange av dei tiltaka gjorde vi for å inspirere fleire til å gjere som han — å flytte frå byen til norske distriktskommunar. Luster og store deler av Vestlandet har nytt godt av denne politikken, skriv Vedum i ein e-post. Han nemner barnehagepris på 700 kroner månaden i distrikta, gratis eller halverte prisar på ferjer og billegare flyruter.

Samtidig så minner han om kvifor partiet forlét regjeringa — at Sp vil avgrense straumeksporten og ta tilbake meir nasjonal kontroll over norsk energipolitikk.

— Det har vore og er ei kjernesak for Sp å senke straumprisane gjennom å avgrense straumeksporten gjennom utanlandskablane. Difor kunne vi ikkje på nokon måte gje vekk enno meir makt til EU gjennom å innføre EU sin fjerde energimarknadspakke, minner Vedum om.

Bilde av Inger Ellen AntiInger Ellen Anti

Karasjok Senterparti

I Karasjok sit Kirsten Inger Anti i kommunestyret for Sp. Ho konstaterer eit Sp-stup på 30 prosentpoeng frå 2021 til 2025-valet i heimkommunen — og 19 færre Sp-arar i Stortinget.

— Det er eit dramatisk fall og eit tydeleg signal frå veljarane. Sp må tilbake til røtene: vi er eit parti for heile landet som står opp for distrikta og primærnæringane. Vi er eit grønt sentrumsparti som skal stå opp for bønder, fiskarar, reindrifta og heile matproduksjonen. Det er vår kjerne, og den må vi jobbe meir med å få i rett retning og synleggjere mykje sterkare framover, meiner Anti.

Melkøya-sinnet

— Kvifor så stor nedgang i Karasjok og Finnmark?

Melkøya-saka sette sinna i kok og har vore svært krevjande. Mange opplevde stor skuffelse over at vi ikkje sto sterkt nok opp mot elektrifisering, og følgde vårt landsmøtevedtak. Det blir opplevd som eit svik. I tillegg har vi svikta i rovviltpolitikken, som råkar både reindrifta og bønder. Og når vi faktisk har fått til mykje bra i regjering, har vi ikkje klart å marknadsføre det på ein god nok måte — då har Ap teke heile æra.

— Var det rett å forlate regjeringa?

— Ja, det kan diskuterast. Når veljarane gir eit so tydeleg signal, må me lytte. I alle høve burde ein vore ærleg på kva interne kampar Sp har hatt i regjering, der ein kunne ha vore tydelegare på våre grunnverdiar og sleppe å bli overskygga av Ap.

Anti etterlyser også fornying, betre rekruttering og at Sp torer gi meir plass til unge krefter og talent.

Spissare sentrumsprofil

Lenger vest i Finnmark er Tor Erik Labahå Sp-ordførar i Vardø. Han er også skuffa over den enorme tilbakegangen i Finnmark. Men meiner Senterpartiet no kan røyste frå sak til sak i Stortinget — og ta på seg den gamle drakta som eit verkeleg sentrumsparti.

Bilde av Tor Erik Labahå (Sp)Tor Erik Labahå (Sp)

Ordførar i Varsø kommune

— Ja, absolutt. Senterpartiet har alt å vinne på det. Vi såg jo kva SV gjorde i førre stortingsperiode. Nå bør vi reindyrke meir vår gamle sentrumsprofil — og få forankring for å samarbeide også med både Høgre og Frp i viktige saker til dømes i olje- og næringspolitikken, seier Vardø-ordføraren.

Han ser ingen grunn i det heile til å skifte ut Trygve Slagsvold Vedum — som han meiner er både heile landet — og Finnmark sin mann.

Måtte danse åleine

I ski- og fjellbygda Hemsedal i Buskerud er Pål Rørby (Sp) ordførar. Han seier Senterpartiet har mista tillit blant mange.

— Sp har gjort et svært dårleg val. Me har bydd opp til dans utan at nokon ville danse med oss. Våre hovudsaker har mellom anna vore nei til EU, nei til narkotika og trygge lokalsamfunn, utan at andre parti har ville ta desse diskusjonane i valkampen, konstaterer Rørby.

ENDRINGAR: Det må drøftast endringar i både politisk retning og partileiing, meiner Hemsedal-ordførar Pål Rørby.  Foto: Helge Mikalsen / VGENDRINGAR: Det må drøftast endringar i både politisk retning og partileiing, meiner Hemsedal-ordførar Pål Rørby. Foto: Helge Mikalsen / VG

Han meiner partileiinga har eit særskilt ansvar både når det går godt og dårleg.

Sp sitt sentralstyre vil måndag setje ned ei evalueringsgruppe som skal jobbe raskt og gi signal om kva som må gjerast.

— Dette arbeidet er viktig og må gjerast no. Eg vil ikkje forskottere utfallet, men at det må bli endringar i retning, i leiinga og arbeidsmetodikken, blir utvilsamt hovudtema i dette arbeidet, understrekar Hemsedal-ordføraren.

Partileiar Vedum er også førebudd på å vere sjølvkritisk.

— Me er ikkje nøgde med valresultatet. Sp set alltid ned eit evalueringsutval etter kvart val, og utvalet vil sjå på ulike mogelege årsaker til at Sp gjekk so mykje tilbake under årets val.