I fråsegna står det at kommunane Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal og Vik står samla i ei sterk støtte til Lærdal sjukehus og uttrykkjer stor uro over dei framlagde kutta frå Helse Førde.

Sognarådet har tre punkt dei legg vekt på:

1. Lærdal sjukehus – eit veldrive og viktig nærsjukehus

Lærdal sjukehus har i mange år levert tenester av høg kvalitet, mellom anna innan ortopedi, barselomsorg og som nærsjukehus for innbyggjarane i regionen. Tilbodet er godt etablert, med godt kvalifiserte tilsette og pasientar som kjem langvegs frå for behandling. Sjukehuset har eit godt og tett utvikla fagleg samarbeid med Førde sentralsjukehus, og er ein trygg og viktig institusjon for innbyggjarane i heile Sogn.

2. Sogn – ein livskraftig og framtidsretta region

Sognaregionen er i vekst, og dekkjer nasjonale viktige oppgåver innan industri, kraftproduksjon, reiseliv og offentleg forvaltning. Regionen treng robuste helsetenester som støttar opp under utvikling, og der er nærsjukehuset ein viktig leverandør.

3. Behov for vidareføring og styrking av sjukehuset

Kommunane i Sogn forventar at Lærdal sjukehus får behalde funksjonane sjukehuset har i dag. Å svekka tilbodet vil vere eit alvorleg tilbakeslag for pasientar, tilsette og samfunnsutviklinga i regionen. Eit sterkt nærsjukehus er avgjerande for å sikre god beredskap, tryggleik og framtidig vekst.

Samla røyst

No set dei si von til at helseministeren kan gripa inn.

– Sognarådet ber helseministeren, styret i Helse Førde og Helse Vest å ta omsyn til den samla røysta frå Sogn, og sikra vidare drift og utvikling av Lærdal sjukehus som ein sentral helseinstitusjon regionen.