Prestasjonen er skamrå!

Sjølv om det berre er snakk om ein enkeltkamp, og alt kan skje i Manchester om ei veke, var det litt av ei bragd heimelaget utførte på Brann Stadion 11. september 2025.

Ja. Det er den typen prestasjon som først som sist kan festast til ein dato. Sportsklubben Brann frå Bergen vann 1–0 mot Manchester United.

Me kan allereie etablera spørsmålet: Kor i alle dagar var du då Brann slo Manchester United?

Champions League-kvaliken: Brann - Manchester United

Desse tre jentene vil aldri gløyma kor dei var då Brann slo Manchester United.
Foto: Emil Weatherhead Breistein

Mi dotter på seks år kan iallfall seia at ho var på Stadion med venninnene sine den kvelden. Ja, eg trur at ho kjem til å skryta av det ein eller annan gong i framtida.

Ho veit heldigvis fint lite om at Manchester United i fjor hadde den fjerde største kvinnesatsinga i verda. Ja, det var berre tre klubbar på planeten som hadde større inntekter i enn dei raude djevlane i Manchester.

Og sjølv om både pengane og pengeforskjellane i kvinnefotballen er langt mindre enn i herrefotballen, er det dessverre slik at ein i fotball i veldig stor grad kan kjøpa seg suksess.

Les også

Det er mer imponerende om en tiendedel fra rekordkampen dukker opp søndag

Om du i fjor hadde sett opp ein tabell over personalkostnadane til dei norske toppserieklubbane, ja, då hadde du fått akkurat den same tabellen som ein enda opp med etter at alle seriekampane var ferdigspelte.

Og dei to klubbane som hadde det største budsjettet i Europa i fjor, ja, det var dei to klubbane som møttest i Champions League-finalen. Dei heiter Arsenal og Barcelona.

Men rett bak der finn du altså laget som Brann hamla opp med på Stadion i torsdag. Det er rett og slett imponerande.

Men, ja, eg har bygd opp til eit «men» her:

Det var ikkje berre det å vinna ein kamp mot Manchester United som fekk tårer og superlativ til å renna frå fjesa til Brann-spelarane.

Nei, det finst nemleg noko som er endå større og viktigare enn store prestasjonar. Nemleg draumane. Dei draumane som er den store drivkrafta.

Derfor var det noko som var endå sterkare enn sjølve prestasjonen på Brann Stadion torsdag.

Selma Panengstuen (22) er ikkje noko lita jente lenger. Ho viste seg som ein keeper av stort internasjonalt format.

Ho var sjølvsagt veldig fornøgd med prestasjonen mot Manchester United. Det var likevel noko anna som gjorde at ho måtte inn til den vesle jenta ho ein gong var, for å finna svaret ho leita etter.

Til BA sa ho:

– Det er eigentleg den vesle jenta i meg som skrik: Det er ein draum som går i oppfylling!

Den draumen handla om å få spela for ein full stadion. Ikkje berre det; å få spela for ein full Brann Stadion.

Champions League-kvaliken: Brann - Manchester United

Selma Panengstuen midt i jubelscenane etter at Brann tok første stikk i dobbeltoppgjeret mot Manchester United.
Foto: Emil Weatherhead Breistein

Det er det nemleg ingen jenter eller kvinner som har fått lov til nokon gong tidlegare. Ikkje på noko anna stort stadion i Norge heller, for del.

At 16.019 personar troppa opp på Brann Stadion og laga europakok for Brann-damene, er ikkje berre norsk rekord, og rekord i ein kvalifiseringskamp til kvinnenes Champions League uavhengig av kva europeiske klubbar du målar mot, og faktisk den nest best besøkte europacupkampen som er spelt på Brann Stadion, uavhengig av kjønn.

Det er eit teikn på noko mykje meir.

Det er eit teikn på ein by som bryr seg. Ja, det er faktisk snakk om kjærleik.

Grønners dom: – En kveld for historiebøkene

Akkurat som i livet elles og i kyrkja, er det kjærleiken som er størst av alt.

Ingrid Stenevik har spelt toppfotball lenger enn dei fleste av dei andre som spelte på Stadion.

Ho vart rørt til tårer. Igjen, ikkje på grunn av prestasjonen, ikkje på grunn av at ho faktisk skåra vinnarmålet.

Men på grunn av kjærleiken ho opplevde frå tribunen. Ho sa nemleg:

– Eg pleier ikkje å få tårer i auga av fotball, men når eg stod framfor bataljonen og dei ropte namnet mitt, så betydde det veldig mykje …

Ingrid Stenevik (30) har oppnådd større ting reint sportsleg. Ho har vunne både cupen og serien med Brann, ho har spelt seg fram til kvartfinale i Champions League.

Champions League-kvaliken: Brann - Manchester United

Ingrid Stenevik avgjorde heimekampen mot United. Det var likevel den enorme hyllesten frå tribunen som gjorde mest inntrykk.
Foto: Emil Weatherhead Breistein

Det var likevel då ho fekk spela for ein full Stadion, som i tillegg hylla henne, at tårene trilla.

Så lenge har Stenevik vore med, at denne urealistiske draumen eigentleg ikkje stod på lista over draumar.

I brorparten av karrieren i toppfotballen har Ingrid Stenevik spelt for slekt og venner. Knapt nok det.

BA-børsen: For en stjerne!

Lenge med ei kjensle av ikkje å verta sett.

– Det er så heise kjekt at så mange kjem for å sjå på oss, sa strilen frå Austevoll etter kampen. Med trykk på oss. For å understreka at dette slettes ikkje er sjølvsagt.

No har ho spelt for eit fullsett Brann Stadion.

Ikkje eit kva som helst fullsett Brann Stadion, heller. Nei, for blant dei 16.019 som møtte opp i pissregnet på Stadion, var det delvis eit anna klientell enn det brukar å vera på Brann-kampar. Det var fleire tusen fotballjenter på tribunen.

Champions League-kvaliken: Brann - Manchester United

Kor mange jenter med bøttehatt greier du å finna i dette bildet? Det er ikkje få!
Foto: Emil Weatherhead Breistein

Fotballjenter som opplever det som heilt naturleg at ein kvinnekamp kan fylla Stadion.

Ja, for desse jentene er det faktisk ein heilt reell draum å ein gong få spela for ein fullsett Stadion.

Dei har heldigvis ingen føresetnader for å forstå kor eksepsjonelt dette faktisk er.

I fjor spelte Vålerengen i gruppespelet i Champions League. Også dei møtte verkelege kanonar. Medan 1923 møtte opp mot Juventus, 2314 såg heimekampen mot Bayern München, var det 4333 som såg Oslo-klubben sin heimekamp mot Arsenal.

Målt mot mange andre kampar i Champions League for kvinner er det eigentleg ikkje noko å skamma seg over heller.

Det kan veldig fort henda at det vert Vålerengen og ikkje Brann som representerer Norge i Champions League denne sesongen. Som serievinnar ii 2024 har dei fått ein lettare veg enn Brann.

Brann har ei veldig tøff oppgåve framfor seg i bortekampen i Manchester.

Uansett kva som skjer, gav dei bergenspublikummet ei oppleving som dei som var til stades aldri kjem til å gløyma.

Dei viste jentene på tribunen at ein kvinnekamp kan fylla Stadion.

Dei viste jentene på tribunen at dei kan få drøyma om det same.

For meg vart det ein av dei aller finaste kveldane på Brann Stadion nokon gong. Det seier litt.

Eg håpar inderleg at både jentene på tribunen og jentene på bana får oppleva dette igjen. Det fortener dei verkeleg!