Som leiar i Haddal Idrettslag, som buss-sjåfør i Ulsteinvik og som pappa til to små gutar, 3 og 6 år, så vert eg berørt. Og ja, ordføraren og kommunedirektøren har rett i at det er sterke følelsar.
Siste to åra har vi pussa opp klubbhuset vårt, maling, asfaltering osv. Innsatsen i tid, pengar og energi gjer vi sjølvsagt med glede for framtida til borna våre. Haddal Idrettslag har eit godt og konstruktivt samarbeid med Hasundgot som kjem begge idrettslaga til gode. Det virkar meiningslaust for oss å sende borna til Ulsteinvik på skule. Flyttar borna til ein annan skule så vil det ikkje gå lang tid før fritidsaktivitetane flyttar og. Der borna er må foreldra og vere. Ryk skulen, så går det ikkje lenge før idrettslaget ryk. Då kjem det ein kostnad for kommunen på enda eit idrettsanlegg.
Byggefeltet skulle vere ei langsiktig satsing for at dei som ønskjer å bu i Haddal skulle få mulegheit til det. Og vi i Haddal jobbar godt for at dei minste ungane skal ha fritidsaktivitetar i nærmiljøet sitt. No slår ein føtene under den tanken.
Som buss-sjåfør kan eg understreke bekymringane om trafikkforholda rundt skulane i Ulsteinvik. Skal det samlast så mange born her i framtida må det lagast ein skikkeleg plan for å gjere Gjerdegata trygg. Dette vert aldri bra utan å både rive hus og gjere store endringar i vegsystemet. Å kome med ein buss full av ungar og møte bilar i Kyrkjebakken på vinterstid er ikkje kjekt. Slepper bussen grepet der håpar eg at det ikkje er eg som sit ved rattet. Eller skal kommunen kanskje trå til med eit fantastisk strø-system no? Det vil overraske meg om pløging og strøing vert betre enn før i trange tider. Vil gå mykje pengar der i tilfelle.
Viktigast for meg som pappa er likevel den menneskelege kostnaden. Guten min på 6 år skal no starte på skulen. Han gler seg stort. Han har ikkje ei einaste bekymring for det å begynde i 1. klasse. Det er no berre over gjerdet frå barnehagen. Han er kjend der. Eg veit det vert ein smertefri overgang. Bekymringa mi veit ikkje han om, heldigvis. For neste år, kva då?
Leiar i Haddal Idrettslag, buss-sjåfør i Ulsteinvik og pappa,
Torbjørn Gurskevik Knotten.
–
Har du ei sak du er engasjert i? Send inn dine lesarbrev til Vikebladet Vestposten
Open
Den pedagogiske verdien av mellomstore skular
Open
Til administrasjonen i Ulstein kommune
Open
Open
Open
Ingen tener på ein slik retorikk
Open
– Talrot i orientering om skulenedlegging
Open
Nok ein gong utkantane. Nok ein gong skulane
Open