Naudetatane melder at det har vore eit steinsprang på riksveg 13 natt til laurdag.

– Ein stor stein har rast ut i vegen rett nord for Lausasteintunnelen, melder politiet klokka 03:19.

Vegen var stengd ein periode. Vegtrafiksentralen melde klokka 03:39 at det var passering på staden og at vegen var opna.

– Entreprenør har maskiner på veg for å fjerne steinen. Klokka 04:39 melde VTS at steinen var fjerna og at vegen var open for fri ferdsel att.

Les meir om: artikkelemnene