Helse Førde slit økonomisk, går med underskot og må kutte både tilsette, tilbod og tenester for å spare hundretals millionar i åra som kjem. Helseføretaket går allereie med over 100 millionar i minus i år, og verre skal det bli – seier leiinga – om dei ikkje gjer grep.
No er derfor forslaget som det alltid er: Kutt, kutt og kutt.
I Nordfjord vil Helse Førde legge ned skadepoliklinikken, heile barseltilbodet minus den lovpålagde følgetenesta, dei vil vurdere hudtilbodet og det distriktspsykiatriske tilbodet, og dei skal vurdere ambulansetenesta med mål om å redusere tal ambulansestasjonar.
Foreslår å avvikle både God start og skadepoliklinikken: – Det er smertefullt
Ein kan nesten spørre seg kva som blir igjen ved Nordfjord sjukehus.
– Det er veldig mykje, svarer Helse Førde-sjef Arve Varden då Fjordenes Tidende stilte det spørsmålet.
Men han sa ikkje kva. Og det handlar ikkje berre om tilbod ved sjukehuset isolert. Ved å kontinuerleg redusere tal tenester og rammene for tilboda som blir igjen, så vil omfanget av kor mykje folk bruker sjukehuset, fagmiljøet, rekruttering og busetting også forvitre – sakte men sikkert.
Fryktar kutt i tilbodet: – Det er avgjerande for tryggleiken vår
Folk i Nordfjord er fortvila, spesielt gravide og fødande, og argumenta for å halde på sjukehuset og ikkje la tilboda forvitre, er mange:
-
Auka reiseavstandar: Folk i ytre delar av Nordfjord kan måtte bruke tre timar, ein veg, til Førde.
-
Samfunnsrekneskapen: Folk, foreldre og familiar må ta fri frå jobb og skule, og reise i seks-sju timar tur-retur for smått og stort. Resultatet er redusert livskvalitet, auka kostnadar i privatøkonomien, tapt arbeidstid, og store ringverknadar for lokalt næringsliv.
-
Klimarekneskapen: Lange reiser for kvar konsultasjon aukar den klimamessig kostnaden.
-
Tryggleik og beredskap for gravide og fødande: Unge familiar vil vegre seg for å busette seg i regionen når trygg fødselsomsorg ikkje finst lokalt.
-
Heim- og tilflytting: Tryggleik for helsetenester er også ein generell føresetnad for å lokke både familiar og arbeidskraft til distrikta.
-
Redusert fagmiljø: Påverkar rekruttering til sjukehuset, men ikkje minst til alle andre lokale helsetjenester som legekontor, omsorgssenter og heimetenester og mykje meir.
-
Rask behandling: Om det blir redusert tal ambulansestasjoner, vil ei allereie pressa responstid auke. Rask behandling er avgjerande for overleving og reduksjon av varige skader ved for eksempel hjerneslag, store traumer, hjarteinfarkt, sepsis og anafylaksi.
-
Samtidig belastning: Om éin ambulanse er opptatt med langtransport, står lokalsamfunnet igjen med redusert beredskap for nye akutte hendingar.
-
Vêr, vind og samferdsel: Folk sendast ut i bil og buss på dårlege vegar med innstilte ferjer, stengde tunnelar, rasfare og helikopter som ikkje kan lande eller lette.
-
Kommunale kostnadar: Meir ansvar blir overført til allereie hardt pressa fastlegar og kommunale helsetenester.
-
Auka helseforskjellar: Folk i distrikta vil i praksis få dårlegare helsetilbod enn folk i byar, i strid med prinsippet om likeverdig helsehjelp. Helse Førde-sjefen antydar at dette allereie er ei utfordring slik situasjonen er no, når det heiter i pressemeldinga at målet med grepa er «likeverdig tilbod»
-
Tillit til helseforetaket: Stadige signal om kor dårleg det går, opplevd nedprioritering og kontinuerleg nedbygging i distrikta kan svekke befolkninga si tillit til helsetenestene, og bidra til fråflytting.
Og kvifor kan vi i Nordfjord alle desse argumenta på rams? Jo, fordi det ikkje er første gang folk i Nordfjord har kjempa for dette sjukehuset og distrikta sin rett til likeverdige tenester.
God start-tilbodet kom som kompensasjon for flytting av fødeavdeling og andre tilbod til Førde sentralsjukehus. Organiseringa av Nordfjord sjukehus skulle vere ein modell for framtidas lokalsjukehus.
– Den avtalen er over tolv år gammal, seier Helse Førde-sjefen til Fjordenes Tidende no.
Framtida var altså kortare enn vi trudde, og ikkje ei varig, berekraftig løysing for generasjonar.
For folk i Nordfjord handlar det ikkje om at det er litt upraktisk å måtte reise lenger til sjukehus og at det er slitsamt å søke refusjon for transportutgiftene frå Pasientreiser.
Ei slik nedbygging rammar ikkje berre folk medisinsk og i kvardagen, den rammar også heile samfunnsstrukturen og framtida for busetting i Nordfjord.
Vi har sjølvsagt forståing for dei bedriftsøkonomiske aspekta. Men skal sjukehus, bygd på skattebetalarane sine pengar og styrt på vegner av fellesskapet, målast etter bedriftsøkonomiske prinsipp?
Når både helseforetak og kommunar slit med å få rekneskapen til å gå opp, er det eit varsel om at oppgåvene dei er pålagde ikkje står i forhold til midlane dei får.
Det er ikkje helseforetak, kommunar og distrikt som har levd over evne – men staten som har finansiert under evne.
Om sjukehus og helseforetak verkeleg skal behandlast som bedrifter, må eigaren ta ansvar når tala blir raude.
Inga bedrift overlever når eigaren vender ryggen til.