Brannmannskap var kjapt på staden og røykdykkarar starta sløkkinga.

Forbipasserande skal ha meldt frå om brannen, og det skal ha vore opne flammar.

Klokka 18:26 blei det meldt om at flammane var sløkte.

Politiet skriv at fire mindreårige fekk i seg røyk då dei prøvde å sløkka brannen. Alle fire blei sende til legevakt for sjekk.

Innsatsleiar Are Blokhus i Kvinnherad brann og redning seier til Kvinnheringen at ein fekk stoppa ein brann som kunne blitt veldig stor.

– Det er eit stort bygg på tre etasjar med mange rom. Røykdykkarane har vore inne og søkt etter folk, men fann ingen, seier Blokhus til Kvinnheringen like før klokka 19.

Han fortel at det var mykje røyk i bygget då dei kom til staden.

– Det var ved inngangspartiet det brann. Vi kjenner ikkje årsaka til brannen, fortel han.

Les meir om: artikkelemnene