I snart to år no har både det israelske folket og broderfolket deira, palestinarane, levd i ein gru me ikkje kan tenkja oss. Mine fattige ord hjelper ingen, men likevel vil eg uttrykkja medkjensle med dei alle.
7. oktober 2023 er ein dato som har svidd seg inn som eit brennemerke i nyare soge. Det var uverkeleg for oss her nord å vitnast dei målmedvitne drapa som Hamas stod bak. Like uråd er det å tenkja seg den lidinga både offer, pårørande og ikkje minst gislar har måtta bera etterpå. 7. oktober vart det drepe fleire jødar på ein dag enn nokon gong sidan holocaust, opp til 1200 i talet.
For oss som enno sørgjer over dei 77 som døydde 22. juli 2011, er eit slikt tal ubegripeleg. Likevel var dette berre starten. Sidan den gong har det israelske folket måtta leva under styresmakter som er meir umenneskelege enn nokon gong. Talet på døde palestinarar stig dag for dag og er uråd å slå fast, alt mellom 62.000 og over 100.000. Det er 4-5% av alle som lever på Gaza, og flest kvinner og barn. Det er etter alle målestokkar ein katastrofe.
I dag er 90 % av folket på den vesle Gaza-stripa på flukt, og dei har ingen stad å gå. Egypt og grannelanda held grensene stengde. Gaza er eit levande helvete. Det er sterke ord, men dei er ikkje mine: Den israelske forsvarsministeren Israel Katz har sagt at «portane til helvete er opna» når det israelske militæret no har gått inn i Gaza by. Det er inga von å sjå.
Fremst av dei skuldige står leiarane for Hamas og Israel. Den som har aller mest blod på hendene, heiter Benjamin Netanyahu og er statsminister i Israel. Han er ein utan tvil maktsjuk og mest truleg korrupt kjeltring som klorar seg fast til krigen av di det held han ved makta.
Sundbombinga av Gaza og krigshissinga på Vestbreidda viser at han og krigskabinettet hans ikkje røynleg bryr seg om dei få av dei israelske gislane som framleis lever. Familiane deira og vanlege israelarar protesterer, så langt til inga nytte. Landet er fanga i ein endelaus straum av våpen frå USA, og det fører berre til endå fleire daude. Ekstremistar som Itamar Ben-Gvir og Bezalel Smotrich sit i den israelske regjeringa. Det dei seier, syner at dei ikkje bryr seg om «dei andre». Med hat og eldfulle talar fyrer dei oppunder den dehumaniseringa som alltid har vore det største hinderet for fred i Midt-Austen. På den måten liknar dei mykje på Hamas.
Og eit slikt styre må det israelske sivilsamfunnet lida under. Dette er den største ulukka, både for den vanlege israelar og ikkje minst for kvar einaste innbyggjar på Gaza. Det vil aldri bli fred i Midt-Austen før både arabarar og jødar ser kvarandre som menneske. Noko slikt er latterleg enkelt å seia for oss i trygge Noreg, men ikkje mindre sant for det.
Med Netanyahu som statsminister vil det aldri skje.
Difor føler eg inderleg med både israelarar og palestinarar. Dersom det finst noko von, er det hjå vanlege folk. Måtte dei klara å kasta av seg det blodfysne styret sitt, og måtte dei klara å sjå kvarandre som det dei retteleg er: brør og systrer. Dit verkar det æveleg langt.