Før friidretts-VM i Tokyo i det heile starta fekk sleggekastar Thomas Mardal frå Gloppen og fleire andre norske utøvarar kjendisstatus på gatene i den japanske hovudstaden, skriv NRK.
Årsaka er ofte like enkel som den er uventa: Høgda deira.
Med ei gjennomsnittshøgd på 1,72 meter for menn i Japan, mot Mardals 1,86 (og kraftige kropp), er det ikkje rart at han og dei andre norske utøvarane vekker oppsikt:
– Vi gjer alt vi kan for å ikkje skilje oss ut, men det er umogleg når alle andre når oss opp til skuldrene, seier Mardal til NRK.
Tysdag klokka 14.00 stiller han i si første VM-finale, etter å ha sikra plassen med eit kast på 77,34 meter.
Merksemda blir derimot tatt godt i mot:
– Det er litt uvanleg, men du får bra sjølvkjensle av det. Du kjenner deg liksom stor og sterk, seier Mardal til statskanalen.
Natt til måndag var Mardal i aksjon for å prøve å kvalifisere seg til VM-finalen tysdag.
Sleggekastaren leverte eit kast på 77,34 meter, noko som var godt nok til å sikre finaleplassen.
Dette blir Glopparens første finale i eit verdsmeisterskap.
Les også
Thomas Mardal teken ut til VM
Les også
Sesongopna med pallplass
Les meir om: artikkelemnene